Ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2023
Bømlo kommune har ledige undervisningsstillingar i Bømloskulen frå 01.08.2023. Dette vil vere både faste stillingar og vikariat i heiltids- og deltidsstillingar.
Til informasjon: Stillingsutlysninga er forlenga med ny søknadsfrist. Søkjarar som allereie har søkt ved førre utlysning treng ikkje sende inn ny søknad, då tidlegare innsendte søknadar er å rekna som aktive.
Det er enno ikkje avklart på kva grunnskular og ungdomsskular det vil bli ledige stillingar. Du vil likevel i søknaden få spørsmål om på kva skule du ynskjer stilling, og her kan du nemne fleire skular om du vil.
Meir utfyllande informasjon om skulane i Bømlo finn du her: https://www.bomlo.kommune.no/tenester/barnehage-og-skule/skule/skulane-i-bomlo/
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i barneskulen og/eller ungdomsskulen.
- Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: norsk, matematikk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk.
- Relevant erfaring er etterspurd.
Personlege eigenskapar
God klasseleiar- og relasjonskompetanse.Utviklingsorientert og samarbeidsvillig.
Vi tilbyr
God kompetanse i Bømloskulen, lærartettleik høgare enn lærarnormkravet, nye/oppgraderte bygg med fine uteområde og tilgjengelege friluftområde, godt IKT utstyr og skular som deltek i ulike utviklingsprosjekt samt innarbeidde rutinar for tverrfagleg samarbeid med ulike hjelpetenester (BTI).
Anna informasjon:
Politiattest må framleggjast ved tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Kristine Sætre, Skulefagleg rådgjevar, 953 66 282Arbeidsstad
Leirdalen 15430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4615407495
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.