Faste helgestillingar i Bemanningssenteret
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4417828078 Presentasjon av stillingen:
Er du student innan sjukepleie, medisin eller helsearbeidarfaget? Har du lyst på ein fleksibel arbeidskvardag som likevel gjev deg forutsigbarheit? Då kan dette vere stillinga for deg!
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå som leverer personell til heile sjukehuset. Du vil få erfaring frå ulike avdelingar og postar, og du får moglegheita til å lære meir om ulike fagfelt.
Stillinga vil innebere oppgåver som pleieassistent, med grunnleggande pleieoppgåver, enkle observasjonar, matservering og skylleromsarbeid, og du vil kunne bli tildelt fastvakt for pasientar som treng nokon tilstades i pasientrommet. Medan du som pleieassistent vil ha oppgåver knytta til fleire pasientar ved ein sengepost, får du som fastvakt jobbe tett på ein pasient av gongen, og du får bidra direkte til at pasientar og pårørande opplever eit trygt og godt sjukehusopphald.
Du kan velje mellom desse formane for arbeidstid:
- 15 % helgestilling med arbeid kvar tredje helg
- 22 % helgestilling. Utvida helgestilling med arbeid kvar tredje helg og resten av stillingsprosenten fastlagt i turnus
- 22 % helgestilling med timebank. 10 helger blir fastlagt i turnus, resten av stillingsprosenten i fleksible timar du kan jobbe når det passar dine og sjukehusets behov
Skriv i søknaden din kva for ei ordning du ønsker.
Her finn du meir informasjon om Bemanningssenteret
Arbeidsoppgåver
- Fastvakt for enkeltpasientar
- Grunnleggande pleieoppgåver
- Enkle observasjonar
- Skylleromsarbeid
- Matservering
Kvalifikasjonar
- Student innan sjukepleie, medisin eller helsearbeidarfaget
- 400 pleietimar eller dokumentert godkjend sjukeheimspraksis for sjukepleiarstudentar
- Søkar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Education field
- Sjukepleie
- Sjukepleie videreutdanning
- Vernepleie
Education Level
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er tilpassingsdyktig, og finn deg til rette i ulike miljø
- Du er tolmodig og roleg, også i krevjande situasjonar
- Du er strukturert og komfortabel med å velje sjølv kor tid du skal jobbe dine arbeidstimar
- Du har gode samarbeidsevner, og veit at lagarbeid er avgjerande for eit godt resultat for pasienten
- Du har også evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har stor fagleg interesse og ønsker å lære meir
- Du har ei vennleg og respektfull framferd i møte med pasientar og pårørande
- Du ønsker å bidra til at pasientar og pårørande får ei god og trygg oppleving i møte med sjukehuset
Vi tilbyr
- Val mellom tre ordningar for arbeidstid
- Moglegheit til å i stor grad påverke eigen arbeidstid
- Ein variert arbeidskvardag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Brei erfaring
- Tilsetjing etter nærare avtale
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 91576157, anniken.knag.haukeland@helse-bergen.no
Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell somatikk, Bemanningssenteret, 97198664, linda.greve.iversen@helse-bergen.no
Location
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Bergen
Reference number:4417828078
Percentage of full-time: 22, 15%
Fast
Application deadline: 24.10.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Haukelandsbakken 42, 5009 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
5
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. oktober 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4417828078_Helse Bergen_webcruiter
Stillingsnummer: 1fa216ee-6a09-44a9-a62b-3be860ba06e0