Pedagogisk leiar
100% fast stilling som pedagogiske leiar i Rauland barnehage frå 13.08.2020 - ID 1759
100% vikariat, stillinga kan bli fast, som pedagogisk leiar i Rauland barnehage frå 13.08.2020 tom 01.08.2021 - ID 1760
Søknadsfrist: 24.04.20
Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha utdanning som barnehagelærar.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med godkjent barnehagelærar utdanning, vil me vurdere søkjarar med anna bakgrunn og utdanning.
Me søkjer etter:
Ein sjølvstendig person med gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Som ser løysingar
- Som ser barns ressursar
- Som har evne til å ha god dialog med barn, føresette og kollegaer
- Som likar å undre seg saman med barn
- Som kan beherske norsk munnleg og skriftleg
Me kan tilby:
- Mykje humor og gode kollegaer
- Ein barnehage som har fokus på vaksenrolla -- det er dei vaksne det kjem ann på
- Ein barnehage som jobbar aktivt med tema inkluderande barnehage og skulemiljø
- Ein barnehage som har fokus på å heve kompetansen til alle tilsette innan satsingsområda til kommunen og barnehagen
- 5 planleggingsdagar i året
- 5 timar planleggingstid i veka for pedagogisk leiar, til samarbeid, eige planarbeid og fageleg utvikling.
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
- Gode barnehagetilbod
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Heidi Rønningen, heidi.ronningen@vinje.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk skjema