Sande Settefisk AS - Driftsoperatør
Vi søkjer etter ein driftsoperatør (100% stilling) til vårt settefiskanlegg på Rygg i Gloppen
kommune.
Arbeidsoppgåver for stillinga:
• Dagleg ettersyn, stell og fòring av fisk.
• Handtering av fisk, inkludert sortering, vaksinering og levering.
• Dagleg ettersyn og vedlikehald av teknisk produksjonsutstyr.
• Journalføring og rapportering i verksemda sitt produksjons- og internkontrollsystem.
• Inngå i vaktordning, med responstid på 20 minutt.
• Andre arbeidsoppgåver som kjem til.
Ynskja kvalifikasjonar:
• Fagbrev i akvakultur eller anna relevant utdanning.
• Erfaring frå biologisk produksjon (havbruk eller landbruk).
• Truckførarbevis.
Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig, men samstundes vere ein god lagspelar. Vi
søkjer deg som er lærevillig, systematisk og praktisk anlagt. Gode norskkunnskapar er
nødvendig. Begge kjønn blir oppmoda om å søkje.
Vi kan tilby:
• Varierte arbeidsoppgåver, kurs og kompetanseheving.
• Arbeid i ei spanande næring og i ei verksemd med godt utviklingspotensiale.
• Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
• Flotte kultur- og fritidstilbod i nærmiljøet og tettstaden Sandane.
Sjå heimeside for meir informasjon: www.hyen.no
Om bedriften
Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen kommune i Nordfjord. Her har vi konsesjon på 1 million fisk av laks og regnbogeaure som vi leverar til kundar langs heile vestlandskysten. På Sande har vi tilsette med opp til 30 års erfaring og høgare utdanning innan akvakultur fordelt på 4,5 årsverk. Anlegget var tidlegare Rødeggen Settefisk AS som seinare endra namn til Sande Settefisk AS. Sande Settefisk AS har frå 1993 vore dotterselskap til Hyen Fisk AS. Selskapet er også medlem av Salmon Group.