ID 1928 Vernepleiarar - Eining for habilitering, 2 gongs utlysing
Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik. Eininga yt blant anna heildøgns omsorgsteneste i ni bustader. Det er ledig stilling som vernepleiar i tre av desse bustadane, Åsen, Husahaugen og Studalen.
Åsen ligg sentralt til i rolege omgjevnader i Knutsaåsen, om lag ein kilometer frå Leirvik sentrum. Husahaugen ligg lokalisert på Haga i naturskjønne omgjevnader om lag tre kilometer frå Leirvik sentrum. Studalen ligg sentralt til i rolege omgjevnader om lag ein kilometer frå Leirvik sentrum.
Det er ledig 3 faste 100 % stillingar som vernepleiar.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4 helg. Alle stillingane er ledig frå 01.01.23.
Eining for habilitering held på med eit prosjekt for å innføra positiv atferdsstøtte (PAS) som metodisk rammeverk og verdigrunnlag i all tenesteyting.
Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter tre nye vernepleiarar. Me søkjer deg som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:
- Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
- Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering av eininga og avdelinga
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar
- Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring
- Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
- Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
- Halda deg fagleg oppdatert
- Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
- Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon
- Gjera deg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert vernepleiar
- Førarkort klasse B
- God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar:
- Elisabeth Pedersen Litlehamar, avdelingsleiar Åsen, tlf. 924 25 522,
- Martha Kristine Kjeka, konstituert avdelingsleiar Husahaugen, tlf. 900 95 460,
- Ragnhild Dale, avdelingsleiar Studalen, tlf. 489 90 905,
- Nina Steinsbø Walquist, einingsleiar, tlf. 975 52 048
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.