Sjåfør/ servicearbeidar 100% fast stilling - Rosendalstunet
Omtale av stillinga
Vi har frå 01.01.22 ledig 100% stilling som sjåfør/ servicearbeidar knytt til einingskontoret ved Rosendalstunet.
Sjåfør/ servicearbeidar på Rosendalstunet er ein alsidig jobb med ansvar for kjøring av dagpasientar, og andre kjøreoppdrag.
Til stillinga ligg ansvar for service oppgåver som eininga sine kommunale bilar, lagerhald, tekniske oppgåver som er knytt til utstyr i avdelingane og ulike alarmsystem. Brannopplæring for tilsette, og førefallande oppgåver på huset.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har
- Sertifikat klasse D1, - YSK, og kjøreseddel for persontransport
- Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
- Du må vera fleksibel, omgjengeleg og ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid.
- Grunnleggjande interesse for it, for å kunne handtere ulike teknilogiske system og utstyr.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.