Rådmann/kommunedirektør
Org. nr: 964978662 Stillingsident: 4331653870 Presentasjon av stillingen:
Vanylven kommune søkjer ein ny rådmann/kommunedirektør
Arbeidsoppgåver
Ved sida av administrativ leiing, vil sentrale arbeidsoppgåver vere knytt til å utvikle ein effektiv, framtidsretta og innbyggjarorientert kommune som utviklar god kvalitet i alle tenester, og som er ein aktiv utviklingsaktør i lokalsamfunnet, med tanke på bulyst, omdømebygging og nærings- og stadsutvikling.
Kvalifikasjonar
Som rådmann/kommunedirektør bør du ha:
- Høgare relevant utdanning og dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar
- Erfaring frå offentleg sektor, eller anna leiarerfaring i kombinasjon med kunnskap om kommunale utfordringar.
- Strategisk og økonomisk kompetanse
- Evne til å bygge ein utviklingsorientert kultur
- Evne til å vere omgjengeleg og utadvent, og flink til å skape og oppretthalde gode relasjonar.
Det er ønskeleg at du har leiarutdanning, har god samhandlingskompetanse og at du kan bidra til å skape eit godt meistringsklima.
Kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk/administrasjon, fag, lover og forvaltning er ein føresetnad, og stillinga krev evne til effektiv gjennomføring av politiske vedtak og eventuelle omstillingsprosessar.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein rådmann/kommunedirektør:
- Som er trygg og tydeleg med ein motiverande og samlande leiarstil, som vil bidra til vidare utvikling av lokalsamfunnet Vanylven i dialog med folkevalde, innbyggjarar, næringsliv, medarbeidarar og deira organisasjonar.
- Som kan sørge for god økonomistyring, mål- og resultatstyring med gode styringsverktøy for berekraftig utvikling.
- Som bygger tillit, skapar motivasjon og arbeidslyst hos medarbeidarar, gjennom meistringsorientert leiing.
- Som utviklar ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk i samspel med dei ulike sektorane
Vi tilbyr
Vi tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i Vanylven sin største kompetansebedrift.
Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av ordførar Lena Landsverk Sande tlf. 45 22 71 68 eller konstituert rådmann Frode Vik, 99 28 86 00. Kortfatta søknad og CV må sendast til kommunen innan 31.01.2021.
Kontaktinformasjon
Lena Landsverk Sande, Ordførar, 70030001, Lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
Frode Vik, kst. rådmann, 700 30 005
Sigrid-Marie Lillebø, Personalrådgjevar, 700 30 021
Arbeidsstad
6143 Fiskåbygd
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vanylven kommune
Referansenr.:4331653870
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2021
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!