Rektor ved Leveld skule frå 01.08.2020
Stillingsannonsen er inaktiv.Ål kommune
Leveld skule
Ingress
Vil DU vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Ål?
Me søker
Me tilbyr gode vilkår for fagleg utvikling. Me har eigne leiarnettverk for skuleleiarar i Ål og det vil også vere høve til å rektorskulen. I Ål og i Hallingdal har me eit godt samarbeid innad i kommunen og mellom kommunane. Sjølvsagt god pensjonsordning og løn etter avtale. Arbeidsforholdet er styrt av Hovudtariffavtala. Dersom du treng bustad, så kan me vere hjelpsam til det.
Me trenger deg som er oppteken av faglig utvikling, du som vil være leiar og ynskjer å synleggjera skulens verksemd. Du likar å få til resultat, og du meiner det er viktig å samarbeide godt med dine samarbeidspartnarar for eit godt læringsmiljø. Kanskje du er ei pedagog med erfaring og ynskjer ei fagleg spennande leiarstilling? Velkommen med din søknad!
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Gjerne vidareutdanning i leiarutdanning (t.d rektorskulen) og gjerne leiarerfaring
- IKT-kompetanse
Politiattest
Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ål kommune
Adresse
Nordbygdvegen 950, 3570 Ål
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 21. april 2020
Hentet fra: Ål kommune
Referanse: enterprise-al.hdnett.no/recruitment/opening?0?697
Stillingsnummer: 1ea92b09-3f1a-4c2b-98bd-f074ff9addf7