Vikariat - ledig driftsavtale.
Flora kommune ved Fysioterapigruppa SMS i Florø har ledig eit vikariat med 100% driftsavtale frå 01.03.2019 til og med 31.12.2019 med moglegheit til forlenging. Praksisen har fire 100% driftsavtalar; to allmennfysioterapeutar, ein manuell terapeut og ein psykomotorisk fysioterapeut. Vi leitar etter ein kollega som har stor arbeidskapasitet, mykje energi, som er fagleg interessert, oppdatert, med gode samarbeidsevner og i stor grad kan arbeide sjølvstendig. Det er ein fordel å vere kjend med ProMed journalsystem. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og intervju må påreknast. Tilsetting skjer på vilkår av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Det er og krav om politiattest, registrering for tuberkulose, MRSA og helseattest av nyare dato.
Ta gjerne kontakt med Margrete Dyrli, tlf. 97665584 (ikkje i veke 8), eller tenesteleiar for Helse, Anita Norstrand, tlf. 41536130 for meir informasjon om vikariatet. Elektronisk søknadsskjema og informasjon om kommunen er å finne på Flora kommune si heimeside, www.flora.kommune.no.
Om bedriften
Fysio-og ergoterapiteneste er eiga teneste lokalisert til sunnfjord medisnnske senter