Nestleiar
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Dalsøyra barnehage og skule er organisert som ei eining, med felles leiing som består av einingsleiar og nestleiar. I tillegg er det merkantil ressurs. Einingsleiar og nestleiar utgjer leiarteamet ved eininga, og skal samarbeide for å drifte og utvikle heile eininga, sjølv om nestleiar vi ha barnehage som hovudfokusområde.
Gulen kommune har ledig 100% vikarstililng som nesteleiar ved Dalsøyra barnehage og skule i tida 15.08.19 - 14.08.20.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er delvis knytt til arbeid i barnegruppa i avdeling barnehagen og delvis administrativt arbeid . Vi ynskjer at einingsleiar og nestleiar, som utgjer leiarteamet ved eininga, saman skal utvikle eininga, og sjå heile eininga saman. I tillegg til utviklingsoppgåver og oppgåver på tvers av barnehage og skule, har nesteleiar fylgjande oppgåver knytt til barnehageavdelinga:
- Ansvar for at det pedagogiske arbeidet skjer i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
- Personalleiing og -utvikling
- Leie, planlegge og involvere resten av personalet i drifta av avdelinga
- Delta i den daglege drifta ved behov
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar og leiarerfaring
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Har evne til å sjå kvart enkelt barn og skape gode og trygge relasjonar med borna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Evne til å leie og utvikle organisasjonen
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Løn over tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Kurt Helge Pedersen, Tlf: 57781721, Epost: kurt.helge.pedersen@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!