Fagarbeidar / assistent - Lunde barneskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Os kommune
Lunde barneskule
Lunde barneskule har ledig to vikariat som assistent/fagarbeidar i SFO. Den eine stillinga er eit årsvikariat 2019-2020 på 28%, den andre er 35,4% vikariat frå 01.08.19-31.12.19 (eller så lenge permisjonen varer). Stillingane går over alle vekedagar.
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7-skule med rundt 360 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Rundt 100 elevar nyttar sfo-tilbodet ved skulen. Skulen ligg idyllisk til på Lunde i Os kommune. Skulen er i stadig utvikling, både med tanke på elevtal, bygningsmasse og pedagogisk utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med born på SFO. Leie og organisere borna gjennom samlingar, måltid og aktivitetar både inne og ute. Delta på planlegging og utviklingsarbeid for SFO.
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget.
Søkjarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein medarbeidar som:
- er løysingsorientert
- er fleksibel
- kan jobba sjølvstendig
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til born og vaksne
- er ein tydeleg og engasjert rollemodell
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og SFO sitt behov.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Os kommune
Adresse
Klasavegen 10, 5208 Os
1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune."Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt , finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 21. juni 2019
Hentet fra: Os kommune
Referanse: jobb.oskommune.no/recruitment/opening?0?2838/VELA/HEGR
Stillingsnummer: 1e70aa64-62f7-402e-a8db-8c8ffc8d595a