Butikksjef
Til vår butikk i Oslo Carl Berner søker vi
SERVICEINNSTILT, INSPIRERANDE OG RESULTATORIENTERT BUTIKKSJEF
I Vinmonopolet er vi opptatt av det beste kundemøtet. Våre tilsette skal vere kjende for høg kompetanse og god service.
Vi ser etter ein leiar som er lidenskapelig opptatt av kundeservice, og som har evne til å utvikle og inspirere sine medarbeidarar. Saman skal de skape gode resultat i eit raust, solid og dynamisk arbeidsmiljø.
Ønska kvalifikasjonar:
- Utdanning og kompetanse innan økonomi, service og leiing
- God digital kompetanse
- Resultatorientert, med god forretningsforståing og gjerne erfaring frå butikkdrift
- Utprega god på planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver og aktivitetar i tråd med butikken og selskapet sine strategiar og målsettingar
- Erfaring med leiing og utvikling av team
- Levande opptatt av kundeservice og det å gi det aller beste kundemøtet
- Sterk lagspelar og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsevner
Vi stiller høge krav til leiarane våre, og du må kunne kjenne deg igjen i leiarprinsippa våre: inspirere og involvere, balansere, utvikle og utfordre.
Dersom du i tillegg er interessert i mat og drikke, og med iver etter å lære meir, kan dette vere stillinga for deg.
Hovedoppgåver:
- Drift og vidareutvikling av butikken i tråd med gjeldande retningslinjer
- Sikre at butikken leverer i samsvar med Vinmonopolet sitt samfunnsoppdrag, strategi og målsetting, slik at Vinmonopolet held fram med å vere landet sin leiande faghandel
- Tillitsbasert og støttande leiing basert på leiarprinsippa og verdigrunnlaget vårt
- Faglig og personlig opplæring og kompetanseutvikling av personalet
- Kontinuerlig utvikling av eige leiarskap, slik at våre tilsette trivest og utviklar seg i eit solid, godt og lærande arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Ein spennande og viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte kolleger med høg kompetanse
- Vi prioriterer opplæring og utvikling av våre tilsette, og vi legg til rette for varefaglig og personlig utvikling
- Konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Vinmonopolet har som mål å vere leiande faghandel og Norge sin beste arbeidsplass. Dette skal vi oppnå mellom anna ved å gi dei beste kundemøta, sikre effektiv drift og skape arbeidsplassar med god trivsel. Vi er stolte over at vi toppa Norsk Kundebarometer i 2020.
I Vinmonopolet er det eit mål å oppnå balansert samansetning i høve til alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar via vår partnar Semac AS, www.semac.no
Kontakt distriktssjef Daniel Østreng på telefon 934 46 406 om du vil vite meir om stillinga.
Søknad med CV blir å sende elektronisk via lenke på denne sida (Søk stillinga).
Søknadsfrist: 19.05.2021
Har du problem med å sende elektronisk søknad, ta kontakt med Jobbnorge sin kundeservice tlf. 75 54 22 20. Vitnemål og attestar blir å ta med til eit eventuelt intervju.
Om bedriften
Vinmonopolet
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol, med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl med over 4,7 prosent alkohol. Vi har om lag 2 000 stolte, engasjerte og dyktige tilsette fordelte på drygt 330 butikkar over heile landet i tillegg til kundesenter, netthandel og administrasjon. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med 21 000 produkt frå heile verda i sortimentet.
I 2019 omsette vi for 17,9 milliardar kroner.Vi skal halde fram med å gi Noregs beste kundemøte, prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Verdiane vi bruker for å nå dit, er at vi skal vere rause, solide og dynamiske.