Vil du vere med å leie seksjon for Fagstøtte med ei variert og spennande oppgåveportefølje?
Org. nr: - Stillingsident: 4388995539 Presentasjon av stillingen:
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV ØT har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommmune, Vestland fylke.
Seksjon for fagstøtte har vi ledig stilling som nestleiar, seksjonen blir leia av seksjonssjef og nestleiar. Fagstøtte har ei spanande og variert oppgåveportefølje. Seksjonen har ansvar for fleire av tenestene NAV ØT leverer til heile NAV, mellom anna informasjon, opplæring og kundesenteret vårt. Seksjonen koordinerer ØT sine utviklingsaktivitetar i stort, og har bygd opp eit tverrfagleg miljø som mellom anna nyttar teknologi aktivt for å effektivisere og forbetre arbeidsprosessar. Ansvar for interne strategi- og organisasjonsprosessar, samt andre fellesfunksjonar for ØT høyrer også til seksjonen. I tillegg har seksjonen ansvar for fleire tverrgåande arbeidslag.
Som nestleiar skal du sørge for at seksjonen leverer på sine løpande drifts- og utviklingsoppgåver og bidra til god personalleiing. Som person ønskjer vi at du er kunnskapsrik og nysgjerrig, fagleg trygg og med evne til å inspirere og motivere dei rundt deg.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv bidragsytar i leiing av seksjonen
- Tilrettelegge for god samhandling internt, med omsyn til felles kundeleveransar på tvers av fagområda
- Pådrivar for kontinuerleg forbetring som forenklar, standardiserer og effektiviserer arbeidsprosessar
- Personalansvar og kompetanseutvikling av tilsette ved seksjonen
- Bidra til tenesteutvikling og effektiv bruk av kompetanse på tvers i NAV ØT
Kvalifikasjonar
- Høgskule- eller universitetsutdanning, minimum bachelornivå innan økonomi, leiing eller anna relevant utdanning
- Erfaring som leiar, prosjektleiar eller andre typar leiarrollar
- Evne til strategisk og analytisk tenking
- Ha gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
Personlege egenskapar
- Sjølvstendig og initiativrik
- Påliteleg og målretta
- Tydeleg og god på å ta avgjersler
- God relasjonsbyggar internt og eksternt
- Oppteken av arbeidsmiljø og har evne til å motivere og inspirere
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande leiarstilling med moglegheit for personleg utvikling
- Fast stilling med gode lønnsvilkår
- Fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Torill Skårhaug, Seksjonsleiar fagstøtte, 91521263, torill.skarhaug@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4388995539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling