Avdelingsleiar 19/1007
Bore skule har ledig fast stilling i 100 % som avdelingsleiar hvor fortiden 50 % av stillinga er administrasjon.
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar i 50 % og blir kombinert med vanleg lærarstilling i 50 %. For tiden avdelingsleiar for avdeling C, 5.-6. trinn
Oppgåvene blir mellom anna:
- delta i gjennomføring av pedagogisk utviklingsarbeid
- ha oversikt over fagleg og sosial utvikling i avdelinga
- vera delaktig i organisering i samband med fråvær
Du må vera pedagogisk utdanna, og det er ein fordel med leiarkompetanse og leiarerfaring . Du vil inngå i leiarteamet, og det vil bli lagt vekt på gode samarbeidsevner, god kommunikasjon og erfaring frå barnetrinnet.
Før tiltredelse må det, om nødvendig, leggjast fram tilfredstillande tuberkulinstatus i tråd med bestemmelsen i forskrift om tuberkolose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringsloven § 10-9 / barnehageloven § 19.
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.