Spesialprest for barn og unge i Sunnfjord prosti med Førde sokn og Holsen/Haukedalen sokn som tenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4045061714 Presentasjon av stillinga:
Det er ledig stilling som spesialprest for barn og unge i Sunnfjord prosti med Førde som tenestestad. I Førde kommune er det tre kyrkjer: Førde, Holsen og Haukedalen. Det er to sokn i Førde: Førde sokn med om lag 10 500 medlemmar og Holsen/Haukedalen sokn med omlag 400 medlemmar. Førde kyrkjetun ligg like ved Førde kyrkje og rommar kontor for 13 kyrkjelege tilsette og lokalitetar for ei rekkje aktivitetar for born og unge. Som følgje av samanslåing av kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular til Sunnfjord kommune, vert Sunnfjord kyrkjelege fellesråd etablert frå 1.1.2020.
Kjem du til oss, får du ta del i eit arbeid kor:
- Det er eit godt læringsmiljø med tverrfagleg samarbeid.
- Fleire tilsette har arbeid retta mot ungdom.
- Ein har gode planar for trusopplæring som omfattar 3000 medlemmar alderen 0-18 år og for diakoni.
- Det er godt samarbeid med kommunen og ulike organisasjonar.
- Førde KFUK-KFUM driv Ten Sing-gruppe, Ludus og speidararbeid.
I Sunnfjord prosti er det 15 prestar som samlast regelmessig til faglege samlingar. Prosten har kontor i Førde og er nærmaste overordna for spesialpresten. Det er utarbeidt ansvars- og oppgåvefordeling mellom prestane i Førde. Spesialpresten, som har mykje av sitt arbeid knytt til born og ungdom, samarbeider med prestar, kantorar, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon og diakonimedarbeidar. Arbeidsplanar vert utarbeidd i samråd med lokale prestar og kateket, og vert fastsett av prosten.
Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap. Målforma er nynorsk.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane bed om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som vert tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling av leiartrening lokalt og i prostiet.
- Vere med å utvikle gode gudsteneste for og saman med ungdom.
- Konfirmantundervisning i samarbeid med andre tilsette.
- Kontakt med og samlingar for ungdom og unge vaksne i alderen 15-30 år.
Utdanningsnivå
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
- Mastergrad i teologi og praktikum
Vi tilbyr
- Stillingskode 1465 spesialprest etter KA sitt tariffområde.
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
- Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar.
- Arbeidsvegleiing (ABV).
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, (+47) 996 25 480
Reidar Knapstad, prost, (+47) 975 68 220
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Ref. nr.:4045061714
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 22.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4045061714&company_id=260869298&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Kva er vel kyrkja utan born og unge? Førde er ein ung by der barnefamiliar, barn og unge pregar handelsbyen med omlag 13000 innbyggarar. Her er eit pulserande kulturliv med mange tilbod innan idrett og kultur. Der vil kyrkja vere midt i bybildet. Tilsette og frivillige i gudstenesteliv, trusopplæring og diakoni ønskjer deg med på laget til å utvikle kyrkja sitt arbeid for og med born og unge i gode team. Byen i sentrum av Sogn og Fjordane ligg ved enden av Førdefjorden, mellom fjella i Sunnfjord som innbyr til aktivitet både sommar og vinter. Uteliv og friluft er med på å forme dagane. Song og musikklivet er stort og variert.