Miljøterapeut - Vernepleiar
Beskrivelse avdeling
Miljøterapitenesta har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut frå 1.august 2020.
Miljøterapitenesta er delt i 2 avdelingar, som gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike
funksjonsnedsettingar. Hovudmålet for miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdighet,
mestring og sosiale liv ut frå den einskilde sine føresetnader.
Miljøterapitenesta tilbyr:
- Omsorgsbustad med heildøgns tenestar til den som har behov for det på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade av andre årsakar.
- Avlastningstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
- Praktisk bistand og opplæring til dei som har et særlig hjelpebehov på grunn av sykdom, funksjonshemming eller av andre årsaker treng eit målretta og tilrettelagt tenestetilbod.
Basen til avdelinga ligger i enden av Prestegardsjordet på Ål. Der er det 5 bygg med personalbaser, omsorgsleiligheter
og avlastningsleiligheter.
Arbeidsoppgåver
- Bistå tjenestemottakerne i gjennomføring av dagliglivets gjøremål, dagtilbud og aktivitetstilbud.
- Arbeide med å tilrettelegge for utvikling, forebygge funksjonssvikt og fremme økt livskvalitet. Bidra til økt mestring, deltagelse, myndiggjøring og selvbestemmelse. Planlegge, gjennomføre og evaluere.
- Samarbeid med mellom anna: Pårørande, Oppvekst, Arbeidsplasser, Vinn a/s, Spesialisthelsetjenesten, Ergoterapi og andre avdelinger i Sektoren.
- Opplæring og veiledning av øvrige ansatte ved behov.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning.
- Førekort klasse B
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Fagleg engasjert
- Bevisst på dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
- Evne til å arbeide i team så vel som sjølvstendig
- Kjennskap til aktuelle lovverk bl.a. HOL kap.9
- Like fysisk aktivitet
- Evne til å stå i en til tider hektisk kvardag.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Løn etter hovudtariffavtalen.
- Fast stilling frå 01.08.20. eller etter avtale.
- Stillinga er i todelt turnus med f.t. arbeid kvar tredje helg.
- Avdelinga nyttar forhandlingsturnus
Politiattest
Stillinga krev gyldig politiattest ,nyare enn tre mnd.
Send søknad
Elektronisk søknad via Ål kommune si heimeside.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.700 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit av landets beste kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule og kortreist kvardagsliv. Ål er helsekommunen ii regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.