Einingsleiar/rektor
Me søkjer
Einingsleiar/rektor ved Vikedal skule i 100% fast stilling.
Stillinga er ledig frå 01.08.2021.
Hovudarbeidsoppgåver
Som einingsleiar vil du vera ein del av rektorgruppa, som består av engasjerte einingsleiarar frå alle skulane i Vindafjord.
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til inspektør i 75% stilling, samt merkantil i ca 50% stilling.
Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
- Leiarutdanning (rektorskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
- Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
- Strategisk innsikt og visjonar for Vikedal skule si pedagogiske utvikling
- Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
- Evne til strukturert og systematisk leiing og styring av organisasjonen
- Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
- Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
- Innsikt i og evne til god økonomistyring
- Digital kompetanse
Andre opplysningar
Vikedal skule er ein 1-10-skule med ca 150 elevar, med tilbod om SFO.
Vikedal skule har eit team med engasjerte og svært kompetente medarbeidarar med fokus på den einskilde elev, på trivsel og læring. Vikedal tilhøyrar indre strok av kommunen, og har eit stort tilhøyrande uteområde og er elles omgitt av flott natur, med nærleik til skog, mark og sjø som vert aktivt brukt i undervisninga i skulen.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
Gode personlege eigenskapar.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Vikedal skule.Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.