Leiar for samfunnsutvikling
Har du vilje til vekst, og ønskjer du å skapa ein god stad å leva? Nyoppretta leiarstilling i Sveio kommune:
LEIAR FOR SAMFUNNSUTVIKLING«Vilje til vekst og ein god stad å leva» er Sveio kommune sin visjon. Kommunen skal vera ein positiv medspelar og skapa gode føresetnader for det gode liv for innbyggjarane, næringsaktørane og dei som ønskjer å vitja kommunen.
For å styrka kommunen sitt arbeid med strategisk planarbeid vert det no oppretta ei eiga eining som får ansvar for å arbeida med overordna planlegging og utvikling i kommunen. Du vil få ei sentral rolle i kommunen og ha mykje kontakt og samhandling med ulike aktørar både internt og eksternt.
For å leia den nye eininga søkjer me no ein leiar med god kompetanse på strategisk planarbeid og med interesse for samfunnsutvikling.
Du vert ein del av teknisk si leiargruppe og vil rapportera til kommunalsjef teknisk.
Dine ansvarsområder:
- Ha personal-, økonomi- og fagansvar for eininga
- Vera ein sentral støttespelar som legg til rette for utvikling av næring, kultur og bumiljø i kommunen
- Bidra til utarbeiding og realisering av overordna planar i kommunen
- Vera ein pådrivar for god dialog og medverknad med innbyggjarar og næringsaktørane
- Sakshandsaming, skrive og førebu politiske saker
- Utdanning frå universitet eller høgskule
- Relevant praksis innanfor fagområdet og god kjennskap til plan- og bygningslova
- Kjennskap til politiske prosessar er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Du har interesse og engasjement for samfunnsutvikling
- Du kommuniserar godt, skapar engasjement og er god på å skapa samarbeid og involvering
- Du er strategisk, nysgjerrig og utviklingsorientert
- Ei spennande stilling kor du kan vera med å utvikla lokalsamfunnet
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Konkurransedyktige vilkår
- God forsikring -og pensjonsordning
Me tek gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rådgivar i Human, Odd Arild Sævik, på mob 450 21 995. Spørsmål kan óg rettast til kommunalsjef teknisk, Kenneth Tollefsen, på mob 416 62 644.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
For mer informasjon og å søke på stillingen. Klikk på "Søk på stilling" knappen på denne siden.
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei om lag 5.800 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.