Vernepleiar/sjukepleiar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Ved Tilrettelagte tenester vaksne, for tida ved avdeling Kuhnletunet Rekke 2, er det frå 18.07.2021 ledig 100% stilling for vernepleiar/sjukepleiar.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike
funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år med utviklingshemming. Tenestene består av 8
bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.
Kuhnletunet Rekke 2 ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjer tenester til 5 bebuarar med varierande bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillinga er i hovudsak i langvakts turnus, med arbeid 3 kvar helg.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer fortrinnsvis deg som har autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar. Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming, men erfaring i frå arbeid med autisme eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant.
Søkjarar med anna relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå, samt søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med særleg relevant erfaring kan og verta vurdert.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Siv Elise Clausen, Mobil +47 911 74 301, Epost: sec@bjornafjorden.kommune.no
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?