Ledig stilling:
Søkjer du nye utordringar?
Etne Kommune har ledig stilling som avdelingsleiar i heimebasert teneste med base i Etne. Stillinga er på dagtid 100% ,med 37,5 timers/veke. Me har eit omsorgssenter med bustadar som base for heimetenesta. Omsorgssenteret ligg sentralt i Etne. Me har eit høgteknologisk senter og er i ein endring der me er i gang med å innføra mykje teknologi i heimane framover som trygga brukarane våre.
Heimetenesta gjer naudsynt helsehjelp og praktisk bistand etter tildelte vedtak om helse og omsorgstenester. Ein spennande og utfordrande stilling. Me søkjer etter ein person som ynskjer å leie med fokus på fagkunnskap, og som innehar rett kompetanse for dette arbeidet. Me ysnkjer ein avdelingsleiar som er kreativ, kan jobba sjølvstendig, er målretta, har arbeidsglede og likar utfordringar, har visjonar og er endringsvillig, samt interessert i velferdsteknologi. Avdelingsleiaren må vera fleksibel og ha evne til å motivere og engasjere sine medarbeidarar, vera løysingsfokusert med fokus på brukarane og medarbeidarane innanfor dei rammene som er gitt.
Arbeidsoppgåver:
- Avdelingsleiar rapporterer til einingsleiar pleie- og omsorg.
- Avdelingsleiar vil ha overordna fag-, personal- og økonomiansvar i si avdeling, samt ansvar for å nå avdelinga sine målsetjingar. Vere aktiv i planlegging og utvikling av avdelinga i tett samarbeid med leiarteamet.
- Ha ansvar for at me yter tenestar av god kvalitet innanfor tildelte ressursrammer og i samsvar med tenestemottakarane sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av eininga
- Kjenner til å bruke eininga sitt internkontrollsystem
- Gjera seg kjent med og bruke aktuelle dataprogram aktivt
- Interesse for velferdsteknologi
- Koordinering og utvikling av fagmiljøet og impelmentering av nye teknologiske løysingar
- Gi fagleg rettleiing/støtte til si personalgruppa
Kvalifikasjonar:
Det er eit krav om:
- autorisert sjukepleiar
- førarkort kl B
- beherske norsk både munnleg og skriftleg
- god kjennskap og erfaring med turnus- og personalarbeid
Det er ønskeleg med:
- leiarutdanning / erfaring og vidareutdanning innan geriatri eller velferdsteknologi
- erfaring frå arbeid med kommunale omsorgstenester
- god økonomiforståing
- god kjennskap til dataverktøy
Eigenskapar:
Me søkjer ein endringsvillig og serviceinnstilt leiar som har god kapasitet og evne til å utvikle sine medarbeidar og tenesta. Det vert vektlagt at ein har god forståing for fagfeltet, har gode samarbeidsevner og er positiv innstilt til sitt arbeidet.Ein må kunne jobbe sjølvstendig, ver vegleiiar for sine tilsette og ta avgjersler. Struktur og systemarbeid er viktig i denne stillinga.
- Forhalde seg til gitte rammer og stressande arbeidskvardagar
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.
Annan informasjon
- 4 veker sammenhengende sommerferie
- MOT kommune
- eit godt arbeidsmiljø
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule, pleie og omsorg og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad