Sjukepleiar/Vernepleiar til 1 års vikariat - Avdeling for rusmedisin, AFR Askøy
Org. nr: - Stillingsident: 4089985163 Presentasjon av stillinga:
Seksjon Askøy er ein del av Avdeling for Rusmedisin i Helse Bergen HF. Institusjonen ligg i naturskjønne omgjevnader, ein halv times køyring frå Bergen Sentrum. I september 2017 flytta vi inn i nytt, moderne bygg. Det er godt bussamband til Bergen.
Seksjon Askøy låg frå april 2018 om behandlingstilbodet med auke av avrusing- og stabiliseringsplassar. Vi gjer tilbod om rusbehandling til 25 pasientar, fordelt på tre postar. Ein mannspost, ein stabiliseringspost og ein avrusingspost.
Seksjonen har no ledig eit års vikariat i 100% stilling for sjukepleiar/vernepleiar for snarleg tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar/vernepleiar arbeider i team med psykolog, sosionom og lege
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjukepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
- Den som blir tilsett, må kunne delta i fysisk aktivitet saman med pasientar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid innan spesialisthelsetenesta i somatisk, rus eller psykisk helsevern er ein stor fordel.
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Sykepleie
- Vernepleie
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Regelmessig internundervising
- Svært godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Årsturnus/kalenderplan
- Arbeid pt. kvar 3. helg
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Vibeke- Henriette Køhn Handeland, Seksjonsleiar, 56155160/ 41663204
Arbeidsstad
Ask
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4089985163
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4089985163&company_id=988789768&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.