Helsefagarbeidar 2 x 23 % fast stilling natt
Stillingsannonsen er inaktiv.BUAS, Sykkylven kommune
Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS), 6230 Sykkylven
Org. nr: - Stillingsident: 4263754849 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 2 x 23 % faste helgevaktstillingar på natt for helsefagarbeidar ved Sykkylven bu- og rehabiliteringssenter frå 01.09.2020. Stillingane inneber arbeidstid frå 22:00 - 07:00 kvar 3. helg. Det er 11 pasientar og to nattevakter i avdelinga.
Arbeidsstad
Stillingane er knytt til BUAS Institusjon, avd. Haugnestunet, som er ei avdeling for personar med demens sjukdom. Nattenestene er under omorganisering, og nattevaktene på BUAS og Heimetenestene vil bli organisert i felles turnus med felles leiar frå 01.09.2020. Nattenestene vil då organisatorisk høyre til under Heimetenestene.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden kan du ta kontakt med Servicetorget, tlf: 70 24 65 00.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved evt intervju eller tilsetting.
Alle som skal jobbe med kommunalt pleiearbeid må levere politiattest av ny dato etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av helsefagleg arbeid knytt til personar med demens sjukdom.
Kvalifikasjonar
- Krav om relevant fagbrev og autorisasjon som hjelpepleiar/ helsefagarbeidar
- Ønskjeleg med erfaring og interesse for arbeid med personar med demens sjukdom
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer fagarbeidarar som er tolmodige og empatiske og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov.
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Solfrid Hammernes Utgård, einingsleiar Heimetenestene, 97415978, solfrid.utgard@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, einingsleiar BUAS, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS)
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4263754849
Stillingsprosent: 23%
Fast
Startdato: 01.09.2020
Søknadsfrist: 10.08.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
BUAS, Sykkylven kommune
Adresse
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
Om stillingen
Antall stillinger
2
Oppstart
1. september 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. august 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4263754849_BUAS, Sykkylven kommune_webcruiter
Stillingsnummer: 1cd5941c-bb03-49ad-9581-8473a16074e2