Engasjementstilling barnevern 100% stilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Barnevernstenesta i Kvinnherad har ledig engasjementstilling barnevern 100% frå snarast og fram til 31.05.21.
I samband med barnevernsreforma, vil kommunen overta fleire oppgåver som tidlegare har vore statlege. I den samanheng vil kommunen får større ansvar for fosterheimsarbeidet enn tidlegare. Barneverntenesta i Kvinnherad starta i 2018 eit prosjekt knytt til å overta rettleiingsoppgåver knytt til fosterheimsarbeid, som ein tidlegare har leigd inn private aktørar for å gjennomføre. I avsluttande del av dette prosjektet, har vi ei engasjementstilling ledig for snarleg tilsetjing.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- sakshandsaming/oppfølging etter lov om barneverntjenester
- samarbeid med andre hjelpeinstansar
Barnevernstenesta er ein aktiv og travel arbeidsplass. Dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spennande jobb med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Kontoret har 13 fagstillingar og barnevernsleiar.
Vi søkjer
Utdanningskrav: sosionom eller barnevernspedagog
Personlege eigenskaper
- personlege eigenskaper blir vektlagt
- ynskeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste
- god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
- at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
- evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
- evne til fleksibilitet og endringsvilje
- krev gode norskkunnskapar
- gode datakunnskapar
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om gyldig politiattest.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid, det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid
Intern og ekstern rettleiing
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.