Vil du jobbe i ein spennande, fagleg og utfordrande avdeling? 100% fast stilling som sjukepleiar ved Avdeling Tidleg Psykose i kombinasjon med Bemanningssenteret.
Org. nr: 083974724 Stillingsident: 4303637797 Presentasjon av stillingen:
Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar. Pt. er 60% av stillinga knytt til TPS medan 40% er knytt til Bemanningssenteret.
Psykiatrisk klinikk består av 3 avdelingar. Psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling spesialisert psykosebehandling og avdeling for stemningslidingar. Seksjon tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein av 7 seksjonar i avdeling spesialisert psykosebehandling og skal gje tilbod om utgreiing og start av behandling i døgnavdeling. Seksjon TPS starta 01.01.2012 og flytta inn i nytt bygg juni same år. TPS skal gje tilbod til unge menneske i alderen 15-30 år. TPS gjer tilbod til unge nysjuke med både rusproblem og dei utan. Desse to pasientgruppene er delt inn i to fysisk åtskilde område/grupper.
Det blir lagt vekt på psykoedukativt familiearbeid, samarbeid med andre instansar, fysisk aktivitet og å leggje til rette for forsking. TPS har 15 sengeplassar. Sjukepleiarar og vernepleiarar inngår i tverrfagleg team saman med psykiater, psykologspesialist/psykolog, sosionom, IPS spesialist og aktivitør.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved TPS. Ved ekstrabehov ved TPS vil du arbeide dei fleste av vaktene der.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar har ansvarsvakt og fordeler arbeidsoppgåvene, samt er brannansvarleg
- Pasientoppfølging som inneber oppfølging av sjukepleiefaglege tiltak, og fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Tverrfagleg teamarbeid
- Observere og dokumentere
- Kontakt med pårørande og familiearbeid
- Du må kunne bidra til ein god postatmosfære med omsorg, støtte og struktur
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter sjukepleiarar som har interesse for og eventuelt erfaring med unge menneske med psykose/schizofreni og eventuelt rusmisbruk
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med kunnskap om EPJ/DIPS. Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
Personlege eigenskapar
- Du må vere pasientorientert og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Du må vere ansvarsbevisst, sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
- Vi ønskjer engasjerte og fleksible medarbeidarar med godt humør som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig og serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- Lojal og tolmodig
- Du må vere i stand til å ta i mot rettleiing frå ansvarshavande sjukepleiar/vernepleiar og følgje retningslinene i seksjonen
Vi tilbyr
- Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Vi tilbyr alle faste tilsette kurs i møte med aggresjonsproblematikk (MAP), samt fadderordning
Kontaktinformasjon
Kjersti Valestrand Bjørnstad, Seksjonsleiar TPS, 55958612
Kari Rødland, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, 99605746
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4303637797
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2020
Søknadsfrist: 08.11.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.