Inntak av lærlingar i ambulansefaget - Akuttmedisinsk avdeling
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
Bergen
Frå juni 2019 har Helse Bergen ledige lærlingeplassar i ambulansefaget med oppstart veke 23.
Akuttmedisinsk avdeling er organisert som ein del av Kirurgisk Serviceklinikk. Avdelinga har ansvar for all ambulanse- og nødmeldeteneste i Helse Bergen sitt sjukehusområde. Avdelinga har om lag 260 tilsette.
Det er ambulansar stasjonert på Os, Fusa, Osterøy, Austevoll, Knarvik, Austrheim, Gulen, Askøy, Straume, Godvik, Vaksdal, Voss, Eidfjord, Kvam, Åsane, Fana og Bergen sentrum. På Austevoll har ambulansen samdrift med ambulansebåt.
I løpet av læretida vil du som lærling bli stasjonert i ei av våre soner, men vil ha arbeidsstad ved fleire av våre ambulansestasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Ambulanseoppdrag innan heile fagfeltet
- Vedlikehald og fagleg utvikling i form av e-læring, praktiske øvingar og teoretisk fordjuping
- Vurdere ulike situasjonar og lære av eige og andres arbeid
Kvalifikasjonar
- Gjennomført og bestått VG 1 Helse- og sosialfag på skole
- Gjennomført og bestått VG 2 Ambulansefag på skole
- Søkjarar som ikkje har fullført og bestått VG1 og VG2 frå ordinær skole kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemde studieretning
- Innfri medisinske krav til førarkort kl. D
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kunne bruke PC og aktuelle IT-program som arbeidsverktøy
- Plettfri vandel og framvist politiattest
- Det er særs viktig med god og korrekt utfylt søknad
Utdanningsretning
- Ambulansefag
Utdanningsnivå
- Videregående skole
Personlege Eigenskapar
- God fysisk og psykisk helse
- Respektfull ovanfor pasientar
- Løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Det blir gjennomført opptaksprøve før tilsetjing
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldane overenskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Frank Håkon Greve, Lærlingeansvarleg, 900 90 868
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4022008678
Stillingsbrøk: 100%
Engasjement heltid
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4022008678&company_id=530110102&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Jonas Lies vei 72, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Lærling (ambulansefag)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9982451
Stillingsnummer: 1c114fe4-c104-4f42-865b-bd21321b8480