Seksjonsleiar LAR
Org. nr: - Stillingsident: 4170026264 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for rusmedisin (AFR), Haukeland universitetssjukehus har ansvar for behandling og oppfølging av menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR har om lag 600 tilsette, og vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare stiftelsen Bergensklinikkane. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger. I tillegg har avdelinga poliklinisk verksemd fordelt på LAR, poliklinikkar for unge, vaksenpoliklinikkar, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt. AFR har eiga seksjon for forsking.
Avdelinga søkjer leiar for LAR, for tida med tittel seksjonsleiar. Seksjonsleiar er plassert direkte under avdelingsdirektør og er medlem av leiargruppa i AFR. LAR består av 7 desentraliserte poliklinikkar og eit omegnsteam, og har oppfølgingsansvar for 1000 pasientar. Seksjonen er i ein spennande utvikling med satsing på høg fagleg kvalitet, psykososial behandling og somatisk helse, samt pågåande forsking (BAR -- Bergen Addiction Research group) integrert i dei desentraliserte poliklinikkane.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Heilhets- og resultatsansvar; budsjett, personal, fagleg utvikling
- Samhandling eksternt og internt HUS
- Byggje kompetanse i seksjonen
- Dokumentasjon og evaluering av verksemda
- Jobbe med strategi og prioritering
Kvalifikasjonar
- Erfaring med leiing innan spesialisthelsetenesta eller ekvivalent
- Erfaring med rusmiddelproblematikk
- Erfaring med LAR er en fordel
- Erfaring frå personal- og budsjettarbeid samt resultatsansvar for liknande verksemd
- Interesse for forbetring og kvalitetsarbeid
- Kunne vise til dokumenterte og gode resultat
- Interesse for forsking
- God systemforståing
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Medisin
- Psykologi
- Sjukepleie
- Vernepleie
- Sosionom
- Administrasjon/organisasjon/leiing
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
- Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
Personlege eigenskapar
- Særlig gode kommunikasjonsferdigheter, og evne til å motivere og lytte
- Fleksibel, handlings- og løysingsorientert
- God gjennomføringsevne og evne til å arbeid strukturert
- Toler å stå i krevjande situasjonar saman med medarbeidarar
- Stor arbeidskapasitet
- Mål- og resultatorientert
- Beslutningsdyktig
- Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
- Endringsorientert
Vi tilbyr
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Else-Marie Løberg, Avdelingsdirektør, 98094420
Arbeidsstad
Muralmenningen 7
5012 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4170026264
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.