Rektor ved Haugen skule og barnehage
Eid kommune søkjer etter rektor i fast stilling ved Haugen skule og barnehage frå 01.08.2019.
Haugen skule og barnehage har om lag 65 elevar fordelt på sju årstrinn og inntil 18 godkjende plassar for barn mellom 1-6 år i barnehagen. Skulen og barnehagen har om lag 14 årsverk.
Eid kommune skal gje alle barna ei trygg og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap. Vi søkjer etter ein utviklingsorientert rektor som vil leie arbeidet med å vidareutvikle skulen og barnehagen både fagleg og sosialt.
For Eid kommune er det viktig at leiarane våre har god samhandlingskompetanse. Ved Haugen skule og barnehage er god samhandling med elevar, barnehageborn, føresette, andre kommunale avdelingar og lokalmiljøet heilt sentralt.
Oppgåver:
- Ansvar for å utvikle eit godt fagleg og sosialt opplæringstilbod
- Ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
- Ansvar for å etablere ein god samarbeidskultur der ein lærer ilag
- Ansvar for gode system for rettleiing og kompetanseheving
- Ansvar for rekruttering av lærarar og andre tilsette ved skulen
- Ansvar for tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
- Ansvar for omdømmebygging, informasjon og kommunikasjon
- Ansvar for budsjett, økonomi og tilsette
Kvalifikasjonar:
- Relevant pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Leiarutdanning gjennom rektorskulen, master i leiing eller tilsvarande
- Leiarerfaring og motivasjon til å vere leiar
- God rolle-, system- og organisasjonsforståing
- Kan bruke teamarbeid som arbeidsmetode
- Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
- Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
- Har gode strategiske og analytiske evner
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
- God samhandlingskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
Vi kan tilby:
- Vere med på å utforme det samla grunnskuletilbodet i kommunen
- Mentorordning
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeids- og fagmiljø
- God pensjons- og forsikringsordning
- Løn etter avtale
Eid kommune har 6 månadar prøvetid.
Frå 01.01.2020 vert Eid og Selje kommunar slått saman til Stad kommune. Rektor og dei tilsette vil bli overførte til den nye kommunen og vil få nye arbeidsavtaler gjeldande frå denne datoen. Rektor vil delta i arbeidet med å utvikle felles visjon, mål og praksis for oppvekstsektoren i Stad kommune.
For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Harald Sivertsen på tlf. 980 79 873.
Vi ber om at du søkjer elektronisk via lenkje i denne annonsen. Vi ber også om at relevante vitnemål og arbeidsattestar vert lasta opp saman med søknaden samt referansar. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Utvida søknadsfrist til 24. mars 2019. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Harald Sivertsen, Tlf: 47 980 79 873 , Mobil 47 980 79 873, Epost: harald.sivertsen@eid.kommune.no
Om bedriften
Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.