Ferievikarar 2021
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4331144925 Presentasjon av stillingen:
Dette er ei fellesannonse der du som ønskjer å vere ferievikar i Sykkylven kommune kan melde di interesse.
Hovudferien blir avvikla frå veke 26 til og med veke 33.
Vi ber om at du opplyser om følgjande i søknaden:
- Om du søkjer ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), Heimetenestene eller Bu- og rehabiliteringstenesta
- Søkjer du på fleire tenesteområde, ber vi deg om å sette opp ei prioriteringsliste
- Du må opplyse om ønskja arbeidstid/ i kva tidsrom du kan arbeide
Sykkylven kommune har behov for ferievikarar innanfor følgjande områder:
Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS):
- Sone 1
- Sone 2
- Institusjon (Stavekollen og Haugnestunet)
- Hovudkjøkken
- Heimehjelp (vask av leilegheiter)
- Vaskeri (vask av pasientane sitt tøy)
Heimetenestene:
- Heimetenestene distrikt
- Felles natt (nattpatruljen)
- Korttids -/rehab.avdeling
Bu- og rehabiliteringstenestene:
- Ura
- Klokkehaugen
- Avlastningsbustad barn og unge
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00. Søknaden vert registrert i ei stillingsmappe og vert liggande i mappa så lenge det aktuelle tenesteområdet har behov for vikar.
For tilsette innanfor helse - og omsorgssektoren må det leggast fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Arbeidsoppgåver
- Spanande og meiningsfylt arbeid innan helse - og omsorgssektoren med turnusarbeid dag/kveld/helg
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske
- Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje stilt konkrete kompetansekrav til ferievikarar. Vi oppmodar både dei som er under helsefagleg utdanning og dei som ønskjer å bli kjent med eit nytt yrke om å søkje. Dei som har motteke stipend frå kommunen vil bli prioriterte.
- Søkjarar som skal arbeide innan pleie, må vere fylt 18 år.
- Ferievikar i heimetenestene må ha førarkort. Det er også ein fordel å ha førarkort om du ønskjer å arbeide i bu- og rehabiliteringstenesta.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar, vernepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter kvalifikasjonar.
Kontaktinformasjon
Wenche Oldeide, einingsleiar BUAS, 90118218
Lillian Klock Urtegård, fagleiar BUAS sone 1, 95948039
Astrid Hammernes Strømme, fagleiar BUAS sone 2, 95947361
Janne Midtlid, fagleiar BUAS institusjon (Stavekollen og Haugnestunet), 99227466
Eli Hustad Digernes, fagleiar kjøkken, 90292029
Solfrid Hammernes Utgård, einingsleiar heimetenestene, 97415978
Elisabeth Solberg, fagleiar heimetenestene, 99494743
Linda Tryggestad Søvik, fagleiar heimetenestene, 91898759
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625
Tove Sperre, fagleiar bu- og rehabiliteringstenestene (Ura), 90776577
Volker Rust, fagleiar bu- og rehabiliteringstenestene (Klokkerhaugen), 46865387
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4331144925
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 01.03.2021
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.