ID 1667 Sjukepleiar natt -- Sunnhordland interkommunale legevakt IKS
Ved Døgnavdeling IDA er det ledig 65.73% vikariat som sjukepleiar på natt i tidsrommet 01.02.21- 28.02.22. Ved eventuell intern tilsetjing kan det verte ledig anna sjukepleiarstilling. Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling med øyeblikkeleg hjelp tilbod for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord. Vår viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.
Dine arbeidsoppgåver i stillinga vil m.a vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelinga i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som er innlagt i døgnavdelinga.
Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
- Evne til å meistre et høgt arbeidspress.
- Evne til å tenke kreativt og løysingsorientert.
- Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
- Evne til å samarbeida tverrfagleg.
- Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Har gode datakunnskaper.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Løn etter tariffavtale
- Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
- Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Medlemskap i Stord ve og vel
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med dagleg leiar Mona Yvonne E. Lothe, telefon: 48201982 eller send e-post til mona.lothe@stord.kommune.no
Søknadsfrist: 31.januar 2021