Helsefagarbeidar - 100 % fast
Heimetenesta Rauland, Vinje kommune
Setali 6A, 3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100% fast
Oppstart
2. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Velkomen som søkjar hjå oss!
Arbeidsoppgåver
- Pleie og stell
- Sørge for at bebuerane opplever tryggleik, blir verdsett og behandla med respekt
- Ernæringskartleggjing, vitale målingar, IPLOS og medisinhandtering
- Tilretteleggje for aktivitet- bruk av aktivitetsdosett
- Samarbeid med frivillige gjennom Nyby
- Tilretteleggje for sosiale arrangement
- Samarbeid med ulike fagpersonar, samt koordinering- og tildelingskontor
- Bidra til datasamling og funksjonsvurdering, for å sikre god oppfylgjing av den enkelte brukar i tråd med behov
- Vera kontaktperson for brukar og deira pårørande
- Bidra med fagleg rettleiing og leggje til rette for lærlingar i utdanning
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Søkjarar må ha førarkort klasse B.
- Du må ha køyreferdigheiter til å handtere fire årstider.
- Du må ha god kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg minimum nivå B2.
- Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar).
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å skape gode og trygge relasjonar
- Du har engasjement, humor og kreativitet
- Du er initiativrik
- Du har evne til å jobbe sjølvstendig og systematisk
- Du har evne til å bidra prakstisk og fagleg i samarbeid med andre
- Du er interessert i eigen fagutvikling og likar nye utfordringar
- Du er ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har erfaringar og/eller interesse for velferdsteknologi
Vi tilbyr
- Ein jobb der du blir utfordra både fagleg og personleg
- God opplæring
- Nyrenovert omsorgssenter hausten 2024, som gjev gode fysiske arbeidsforhold
- Personleg og fagleg eigenutvikling gjennom kurs, rettleiing, fagdager og etisk refleksjon
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hege Rorgemoen, Avdelingsleiar Rauland heimetenester, +47 48210156, hege.rorgemoen@vinje.kommune.noArbeidsstad
Setali 6A3864 RAULAND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4888219073
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me er ein triveleg gjeng på 28 faste tilsette, med base på Rauland Omsorgssenter. Her driv me heimesjukepleie i private heimar, heimehjelpsteneste, omsorgsssenter og dagsenter. Me verdset eit godt arbeidsmiljø, og ynskjer deg velkomen som søkjar hjå oss.
Som tilsett i heimesjukepleia vil hovudoppgåva vera å samarbeide om å levere kvalitativt gode og føreseielege helse – og omsorgstenester til heimebuande, slik at dei kan bu lengst mogeleg heime.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801161
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f0b7e07227d9477687607b68296a9712