Barnehagelærar og fagarbeidar barnehage, skule og SFO
Org.nr.:961 821 967 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Beskrivelse
Det kan verte ledige stillingar, vikariat og/eller faste, for barnehagelærar og fagarbeidar i Vaksdal kommune frå 1. august 2020. Både heil- og deltidsstillingar kan bli aktuelt i barnehage, skule og SFO. Skriv i søknaden kva du ynskjer.
Vaksdal kommune har fire barnehagar - Knutatunet/Stanghelle, Dale, Vaksdal og Stamnes og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år. Skulene er Vaksdal skule, Stanghelle skule, Dale barne- og ungdomsskule, Stamnes skule og Eksingedalen skule.
Arbeidsstad vert avtalt med dei som vert tilsett. Set gjerne opp ein bestemt barnehage eller skule dersom du har ein preferanse.
Alle barnehagane i Vaksdal er med i kompetanseprogrammet <<Inkluderande barnehagemiljø>>. Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.
Arbeidsstad
Barnehagane og skulene i Vaksdal kommune.
Krav til kompetanse
- For barnehagelærar: Godkjend utdanning som barnehagelærar.
- For fagarbeidar: Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
Du må være ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen og på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer. Du må vere strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert.
Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja.
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov- og avtaleverk
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller HR-avdelinga tlf: 462 99 734
Kontaktperson
Gunn Melgård Aase, Einingsleiar barnehage, 41233585, gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no
Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule, 45376534, jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Eining barnehage, Gunn Elisabeth Melgård Aase, Mobil +47 41233585, Epost: gunn.melagrd.aase@vaksdal.kommune.no
Om bedriften
Vaksdal kommune har ca. 4.000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.