Overlegar kirurgi
Org. nr: - Stillingsident: 4242876341 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for kirurgi søker kirurgiske overlegar innan fagområda gastroenterologi, urologi, karkirurgi, samt bryst- og endokrinkirurgi.
Avdelinga er seksjonert innanfor generell og gastro- kirurgi, urologi, karkirurgi og bryst- og endokrin kirurgi. Det er budsjettert 15 overlegestillingar, der 11 er besatt. Seksjonen har 9 stillingar for LIS 2 /LIS 3. Avdelinga har fylkesfunksjon for karkirurgi og mamma/endokrin-kirurgi. I tillegg har avdelinga fylkesfunksjon for blant anna rectum cancer og nyre cancer.
Klinikk Ålesund sjukehus har ansvar for dei medisinske fagområda akuttmedisin, kirurgi og medisin med ca. 1000 tilsette. Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø. Vil du bli med på laget?
Arbeidsoppgåver
- Avdelinga legg i haust om til seksjonerte bakvakter for urologi, karkirurgi og generell/gastro-kirurgi
- Legge til rette for deltaking i forsking og fagutvikling
- For bryst-endokrin kirurgen må ein pårekne arbeid i Molde inntil 3-5 dagar pr. mnd for å bistå plastikk-kirurgen. For urologen må ein pårekne arbeid på nabosjukehus inntil 3 dagar pr. månad
Kvalifikasjonar
- Relevant spesialkompetanse innan nemnde fagområder
- Norsk autorisasjon
- Gode norske eller skandinaviske språkkunnskapar,munnleg og skriftleg
For urologi:
Ønskeleg med erfaring innan urologisk robotkirurgi
For karkirurgi:
Må kunne utføre sjølvstendig akutt aortakirurgi
Ønskeleg med noko thoraxkirurgisk erfaring
For gastrokirurgi:
Det vert krevd kompetanse innanfor laparascopisk colo-rectal kirurgi
Personlege eigenskapar
- Engasjert og strukturert
- Ein bidragsytar til vårt gode arbeidsmiljø
- Har vilje og evne til teamarbeid og utdanning av LIS-legar
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Valborg Anita Bakke, Overlege (seksjonsleiar lege), 70106347 , Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4242876341
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal