Lærar på Eidsdal skule
Fjord kommune har ledige 110% lærarstilling i vikariat ved Eidsdal skule. Oppstart i 20% snarast og gradvis auke frå veke 9 til 110% stilling ut skuleåret 2022/2023. Stillinga kan delast mellom to stk. og det må ikkje vere 100/10 fordeling. Det kan til dømes vere 60/50 fordeling.
Eidsdal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule frå 1 - 10 årssteg. I tillegg har skulen SFO.
Skulen har spesifikke fagønske, men på ein kombinertskule er det behov og ønskeleg med studiepoeng i fleire fag.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på 1 - 10 årssteg
- Kontinuerlig oppfølging av elevane si læring
- Systematisk utvikling av eiga undervisning
- Tett samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
- Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som grunnskulelærar i 1-7 og/eller 5-10
- Digital kompetanse
- Fjord kommune har nynorsk som målform.
- Studiepoeng i fleire fag er å føretrekke ved tilsetting
- Spesifikke fagbehov
- norsk, musikk og samfunnsfag
Utdanningsretning
- Pedagogikk
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet
Personlege eigenskapar
- Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
- Set elevane si læring og trivsel i sentrum
- Har evne til å motivere og engasjere
- Positiv, samarbeidsvillig og fagleg dyktig
Vi tilbyr
- Lønn etter HTA i KS som lærar, avhengig av utdanningsnivå (lærar - lektor m/tilleggsutdanning).
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Gode pensjons- og forsikringsordning
- Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Kontaktinformasjon
Tor Petersen, Rektor Eidsdal, 94380534, tor.petersen@fjord.kommune.noArbeidsstad
Langereiten 236215 Eidsdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord kommuneReferansenr.:4605862613
Stillingsprosent: 100, 10%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 27.01.2023
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.