Ledig 60% engasjement ved Stryn helsestasjon
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4240152626 Presentasjon av stillingen:
Stryn kommune har fått tilskot til styrking av helsestasjon- og skulehelsetenesta. Vi lyser med dette ut 60% stilling i ein periode på eitt år. Engasjementet vil ha arbeidsoppgåver innan generell helsestasjon- og skulehelsetenese med særskilte fokusområder i prosjektperioden. Din næraste leiar vil vere leiande
helsesjukepleiar.
Arbeidsoppgåver
- Generell helsestasjon- og skulehelseteneste
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
Du må ha førarkort og disponere bil
Det er ein fordel at du har:
- Erfaring frå arbeid med helsestasjonverksemd
- Erfaring innan førebyggande arbeid
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert i barn og unge sine oppveksttilhøve
- Ha førebyggjande perspektiv
- Ha evne til å sjå barn og unge i deira heilskaplege situasjon
- Arbeide tverrfagleg
- Vere sjølvstendig i utføring av oppgåvene dine
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver
- Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Alexander Rande, Einingsleiar helsetenester, 57 87 69 40
Arbeidsstad
setrevegen 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4240152626
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Startdato: 15.08.2020
Sluttdato: 30.06.2020
Søknadsfrist: 12.06.2020
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.