Ferievikar i tekniske tenester og friluftsbada
Stillingsannonsen er inaktiv.Årdal kommune
Forvaltning, drift og vedlikehold
Me har ledig
stillingar som ferievikarar sommaren 2021. Stillingane er delt inn i to periodar à 4 veker.
- periode: 21.06.21 - 18.07.21
- periode: 19.07.21 - 15.08.21
Stillingane på park,renovasjon og assistentar til driftsansvarlige gjeld fyrst og fremst for ungdommar som fyller 17 år i 2021, fødd i 2004.
Til stillingane i friluftsbadet i Øvre Årdal må ein del av dei som vert tilsett vera fylt 18 år, men 17 åringar kan og søke.
I friluftsbadet på Årdalstangen og på reinhald kan 17-åringar og eldre søke.
PARK:
2 personar, 1 i kvar periode
Nærare opplysingar om stillingane på park kan du få hjå Oskar Seim mobilnr.95837040
RENOVASJON:
4 personar, 2 i kvar periode
Nærare opplysingar om stillingane på renovasjon kan du få hjå Oskar Seim mobilnr.95837040
ASSISTENTAR TIL DRIFTSANSVARLIGE PÅ FDV
4 personar, 2 person i kvar periode, fordelt på Øvre Årdal og Årdalstangen
Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Frank Runar Øren mobilnr.91747875
BADEVAKTER I FRILUFTSBADA
Stillingane i friluftsbada er delt inn i 2 periodar, kvalifikasjonskrav til desse stillingane er god sømjedugleik,
fyrstehjelpskurs m/livredning (opplæring vil bli gjeve).
Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Frank Runar Øren mobilnr.91747875
REINHALDARAR
4 personar, 2 i kvar periode, fordelt på Øvre Årdal og Årdalstangen
Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Hans Jørgen Røneid mobilnr.95747504
Løn etter Hovudtariffavtalen.
Ber om at de skriv kva stilling de søker på og kva for periode de ønskjer å arbeida i.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord".
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging tek du kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ynskjer namnet ditt unnateke frå offentlegheit, må det grunngjevast. Det vert da gjort ei vurdering.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Årdal kommune
Adresse
Statsråd Evensens veg 4, 6885 Årdalstangen
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.I kommunen er det har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.Velkomen til oss i Årdal!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 17. mars 2021
Hentet fra: Årdal kommune
Referanse: ardal-visma.alav.no/recruitment/opening?0?1131
Stillingsnummer: 1a9eaaea-a78b-45ff-80f0-398ba9c1a86b