Helsefagarbeider natt, Eining for sikkerheitspsykiatri
Org. nr: - Stillingsident: 4454480126 Presentasjon av stillingen:
Ledig vikariat på natt 100% stilling helsefagarbeider frå 03.01.22 - 02.01.23.
Eining for sikkerheitspsykiatri ved Valen sjukehus har 9 behandlingsplassar for menn frå heile Helse Fonna sitt opptaksområde. Hovudfunksjonen er stabilisering, utgreiing og behandling av pasientar med alvorleg psykisk sjukdom i kombinasjon med valds- og farlegheitsproblematikk.
Arbeidsoppgåver
- Helsefagarbeidar skal gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er nødvendig for å oppfylle dei mål som er sett for kvar pasient.
- Ansvar for at behandlingsteamet sine forordningar vert sett i verk og fulgt opp.
- Vegleier og orienterar pasientar, brukarar og pårørande.
- Bidra til forpliktande tverrfagleg samarbeid..
- Følge opp behandlingsplanar for sjukepleie og individuelle planar, samt nytta ulike kartleggingsverktøy.
- Dokumentasjon av sjukepleie som vert utøvd i samsvar med gjeldande lovar og regelverk.
- Holde seg faglig ajour og bidra aktivt til utvikling innan fagområdet.
- Er kjend med gjeldande pasientrettar og klageadgang.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisajon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- For å oppretthalde samansetninga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Education field
- Sjukepleie
- Sjukepleie videreutdanning
Education Level
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Fleksibel.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
- Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Contacts
Monica Lindseth, Funksjonsleiar, (+47) 53466483
Location
Sjukehusvegen 26
5451 Valen
Apply for position:Click here
Key information:
Employer:Helse Fonna HF
Reference number:4454480126
Percentage of full-time: 100%
Vikariat
Start date: 03.01.2022
End date: 01.01.2023
Application deadline: 12.12.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.