Hotellpersonale
RESEPSJONISTER
Til vår resepsjon søkjer me 2-3 nye, blide ansikt utad. Du er den første og siste som våre gjester er i kontakt med under sitt opphold og det er svært viktig for oss at du er hjelpsam og serviceinnstillt og at du alltid er blid og at du ser kvar enkelt gjest og deira behov og ønsker.
Det kan tidvis vera hektisk, så det er flott om du er ein person som klarer å behalde roen sjølv når det står på som mest.
Du får den kanskje finaste utsikta frå jobben du kan tenke deg, rett ut Hardangerfjorden!
Du arbeider varierande skift i henhold til vaktliste og jobben inneber mellom anna innsjekk og utsjekk av gjester, ta i mot bestillingar per e-post eller telefon, salg frå nærliggande souvernirbutikk og bar, litt rydding i resepsjonsområdet, innlegging av navnelister og andre daglege rutinar og sjølvsagt god service til alle våre gjester.
Du må snakke og skrive norsk/nordisk og engelsk og det er eit stort pluss om du beherskar også andre språk.
Du bør vera over 20 år og gjerne ha fagbrev eller erfaring frå liknande arbeid. Det er eit stort pluss om du kjenner til bookingsystemet Protel.
For meir informasjon og for å søkje, send e-post til: georg@fjordtindhotels.no
KOKKER
Vårt kjøkken er i full gang med å endre våre matkonsept, retta både mot store mengder bussturistar, norske konferansegjester, selskap og ferie. Denne gjestemixen kan vera utfordrande, og me treng kokkar som kan handtere dei ulike segmenta og ta sin del i eit team i stor utvikling. Hotellet samarbeider tett med lokale leverandørar av kjøtt, fisk, frukt og bær og får mellom anna levert ferske grønsaker og urter frå Undeland Gard som er ein andelsgard i Ulvik. Me røykjer også fisk og kjøt i eldhus på hotelltunet.
Du må ha fagbrev og bør ha minst 5 års erfaring frå hotell og restaurantkjøkken. Me søkjer deg som er strukturert og fleksibel med stor arbeidskapasitet, er innovativ og har masse energi.
Du er genuint interessert i faget ditt, er kvalitetsbevisst, har forståing for skandinavisk mat og yter rettferdighet til råvarene. Du må kunne IK-mat og etterleve gjeldande reglar og rutinar.
Vårt kjøkken er i drift frå tidleg morgon til sein kveld 7 dagar i veka og du vil bli satt opp på varierande vakter i samråd med F&B manager i henhold til gjeldande avtalar og reglar.
I sommarsesongen har me dagleg rundt 250-300 gjester til middag. Me serverer både buffet og a la carte inkl selskapsmenyar på bestilling. I tillegg også pausemat til vårt konferansesenter samt ein del catering.
OPPVASKHJELPER
Du blir del av vårt kjøkkenteam med ansvar for oppvask og avfallssortering samt generelt reinhald på kjøkkenet. Du jobbar skift og vert satt opp på vaktliste i samråd med F&B-manager/kjøkkensjef. Dette er tidvis ein hektisk men trivelig jobb, og er ofte eit springbrett til andre stillingar.
Engelsk er kommunikasjonsspråk for alle som jobbar på kjøkkenet/oppvask.
For meir informasjon og for å søkje, send e-post til: reinhold@fjordtindhotels.no
SERVITØRER
Som servitør på vårt hotell er du del av eit team som sørger for at gjestene våre har ei god oppleving og du får dei til å føle seg velkommen og heime. Du møter kvar gjest med eit smil, fortel kunnskapsrikt om maten og råvarene som er brukt og drikka som passar til, og sørger for å følge dei gjennom heile måltidet. I tillegg er det daglege oppgåver som dekking, rydding, reinhald og service under ledelse av vår restaurantsjef. Me verdset dei som tek ansvar, utfører jobben effektivt og med eit smil, som spreier godt humør og som likar å jobbe i høgt tempo.
Du vil bli satt opp på vaktliste med varierande vakter i samråd med restaurantsjef og i henhold til gjeldande avtalar og reglar.
For meir informasjon og for å søkje, send e-post til: gunn@fjordtindhotels.no
Me kan tilby:
Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø på ein arbeidsplass med høgt tempo.
Fjordtind Hotels er ei hotellgruppe i stor utvikling, og du kan ta del i å bygge kompetanse, kvalitet og tenke nytt.
Brakanes Hotel er medlem i NHO Reiseliv og løn og andre arbeidsvilkår er regulert av tariffavtale med Fellesforbundet som er dei tilsette sin fagforening.
Me har også tilgang på bustad/hyblar/rom samt det er mogleg å leige privat i Ulvik.
Bygda Ulvik har vakker natur og mange turmoglegheiter og du kan sykle, fiske, padle og fylle fritida med mykje forskjellig. Turen til Voss/Bergen for shopping mm er ikkje lang.
Godt kollektivtilbod mot Voss og Bergen/Oslo.
Det er mulighet for forlenging av alle stillingane.
PS! Nye nettsider er straks klare og blir offentliggjort innan nokre få veker
Om bedriften
Brakanes Hotel by Fjordtind ligg vakkert til ved fjordkanten i bygda Ulvik i Hardanger. Fjordtind Hotels består av 3 hotell i Hardanger og er ei ny hotellgruppe som satsar stort.
Hotellet har historie attende til 1860 og har 142 rom og eit stort tilhøyrande konferansesenter. Dei siste to åra har hotellet vore gjennom ei omfattande renovering og omprofilering og det er mykje spanande på gang. Me har snudd opp/ned på matkonsepta våre og har fokus på flotte gjesteopplevingar på hotellet, i bygda og i regionen.