Nattstilling i turnus
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 27. november
Tilrettelagte tenester, f.t Os avlastning, har ledig 60% fast stilling på natt.
Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbodet er til familie med langvarige og krevjande omsorgsoppgåver. Avlastinga gjeld for born og unge med nedsett funksjonsevne og som treng avlastning i kommunen. Det er eit tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden (Os/Fusa) med Varafjell avlastningssenter, og Os- Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.
Arbeidsstad: Os avlastning - Stillinga er i hovudsak knytt opp mot arbeid i heim
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitet og rehabilitering. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Du må rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Stillinga er i stor grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging.
Er du glad i utfordringar og varierte oppgåver, som blant anna kan innebera reiser, kan denne stillinga vera særleg spennande og interessant.
Kvalifikasjonar
• Du har autorisasjon som helsefagarbeidar men anna relevant fagleg utdanning er og ønskjeleg
• Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
• Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Kjennskap til alternativ supplerande kommunikasjon vil vera ein fordel
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar
Bilsertifikat kl. B
Eigenskapar
Du sit barna i fokus og har god omsorgsevne. Du er engasjert og villig til å by på deg sjølv. Du likar å jobbe sammen i team og ha ett godt samarbeid med kollegaer.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande tariffavtalar. Det gis tillegg i grunnlønn over garantilønnstabellen for stillingar på natt.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
19f95df6-46b1-46d7-b74c-000587cf6160
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3563625_196017_nn
Lignende annonser
Helsefagarbeidar – Natt
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Sted
Os
Tilkallingsvikarar 2025
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord