ID 1777 Undervisningsstilling Treblåslærar -- Eining for kultur
Kulturskulen har ledig inntil 45% fast stilling for allsidig treblåslærar frå 01.01.2022. Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar.
Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har omlag 700 elevplassar. Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Arbeids- og ansvarsområde:
- Stord kulturskule søkjer etter allsidig lærar som kan undervise i treblåseinstrument, i hovudsak klarinett og saksofon.
- Det kan vere aktuelt at det i stillinga inngår andre arbeidsoppgåver, t.d. gruppeundervisning i musikk.
- Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar og vaksne.
- Kulturskulen har fast fellestid to dagar i veka, men i 45% stilling forventast det deltaking på ein av desse.
- Lærarane har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet.
- Stord kulturskule er organisert under eining for kultur og held til i Stord kulturhus.
Kvalifikasjonskrav:
- Me søkjer etter allsidig treblåslærar med minimum bachelorutdanning eller anna relevant utdanning.
- Det er ynskjeleg at søkjar har pedagogisk utdanning.
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Løns- og arbeidsvilkår:
- Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.
- Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med
- gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Kommunen tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Søknadsfrist: 05.12.21