Vernepleiar/sjukepleiar - Solbakken bufellesskap og avlastning
Omtale av arbeidsstaden
Solbakken er omsorgsbustadar og avlastning for vaksne og barn med bistandsbehov og psykisk utviklingshemning.
Det er bustad og avlastning med døgnbemanning. Solbakken har ca 23 årsverk og ligger sentralt til i Bø. Personalet på Solbakken gir og tenester til brukarar som bur i eigne bustader ute i kommunen. Vil du ha ein jobb fyllt av annerledes dagar? Ein jobb kor du lærer mykje om deg sjølv? Ein jobb full av utfordringer? Ein jobb med gode kollegaer som gjer alle dagar positive? DA ER DU DEN VI SER ETTER! Her hos oss er ingen dagar like. Du får ansvar og mulighet til å utfordre deg sjølv fagleg. Du får følgje brukarane over eit lenger perspektiv og oppleve fagleg mestring. Vi gir tenester til heile aldersspekteret sidan vi både er bustad og avlastning. Vi har koordinator ansvar og fag ansvar. Kom og voks som fagperson og medmenneske.
Kort om stillinga
Stillingane er ledig frå 1 august 2019
Stillingane vil vere både på avlastningen og i bustaden og brukere utanfor Solbakken
Variasjon på vakter og vaktlengder.
Turnusen går over 12 veker med arbeid i helger
Stor variasjon i arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver kan vere å bistå og rettleie brukarane gjennom daglege gjeremål som til dømes morgon- og
kveldsstell, måltider, husarbeid og fritidsaktivitet.
Vere faglig ansvarleg for brukar/barn, rettleie personale.
Arbeide fram prosedyrer og tiltak i samarbeid med andre.
Vere koordinator.
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Høgskuleutdanning
Må arbeide sjølvstendig og like å ta ansvar.
Vere fleksibel og ein god samarbeidspartner.
Nysgjerrig på å lære noko nytt.
Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Kjennskap til data er ein føresetnad.
Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du må væra engasjert, ha positiv innstilling og kunne drive aktivitet på bruker sine premisser. Du må like å jobbe i team, kor tanken er kollegaer utfyller kvarandre og gjer kvarandre gode. Må like å arbeide målretta og følgje prosedyrer. Men du kunne arbeide sjølvstendig og foreta kloke valg.
Personlig egnahet vil bli vektlagt.
Anna
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som vert innkalla til intervju må ta med seg CV og rettkjend kopi av vitnemål, attester og autorisasjon.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest.
E-læringskurset for nytilsette skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 6600 innbyggjarar, administrasjonsspråket er nynorsk. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid. Vi er også midt i en spennande førebuingstid med hensyn til kommunesammenslåing i 2020 med Sauherad kommune.