Fast stilling som sjukepleiar
Valle kommune har ledig ei fast 100% stilling som sjukepleiar i pleie og omsorg frå d.d.
4747 Valle
Referansenr.:4546558886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2022
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg omsorg og pleie
- Oppfølgingsansvar
- Faglege prosedyrar
- Medikamenthandtering
- Bidra til trivsel for tilsette, bebuarar og pårørande
- 3 – delt turnus, arbeid kvar tredje helg, delvis fast vikarpoolstilling
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar.
- Ønskeleg med relevant arbeidserfaring
- Det er nødvendig med gode norskkunnskapar, munnleg og skriftlig
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet, Diplom/Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du tar ansvar, er sjølvstendig og har gode samarbeidsevnar
- Du er strukturert og ryddig
- Du er fleksibel og likar utfordringar
- Du viser engasjement og tek initiativ
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er serviceinnstilt
- Du tåler eit høgt arbeidstempo
- Du er positiv og har godt humør
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn tilsvarande 10 års ansiennitet
- Eit spennande fagleg miljø i utvikling
- Kommunen kan hjelpe å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vakker natur og gode kultur- og fritidstilbod
- Barnehage og SFO med vekt på friluftsliv og aktivitet, og full kulturskuledekning
- Ei triveleg bygd å bu i
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfold. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Det må leggjes fram tilfredstillande politiattest før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Solveig Birgitte Kyrvestad, leiar, (+47) 91247155Arbeidssted
Kommunehuset, 1. høgda4747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommuneReferansenr.:4546558886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2022
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/