Lærarar til grunnskulen
Vil du bli lærar i Sveio?
Det er venta å bli ledig lærarstillingar (faste og vikariat) i grunnskulen i Sveio frå 1.8.2022. Forankra i fagfornyinga vil inkluderande skulemiljø og grunnleggjande dugleikar ha sterkt fokus i arbeidet ved skulane. Kommunen har dei siste åra vore med i fleire nasjonale satsingar knytt til satsingsområda og vil ha særleg fokus på kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis dei kommande åra. I samanheng med dette og oppvekstreforma har vi fokus på det tverrfaglege arbeidet rundt barn, unge og føresette. Skulane i Sveio skal vera ein arena for tidleg innsats og inkluderande læringsmiljø.
Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert skule. Informasjon om skulane er å finna på heimesidene til kommunen. Ta gjerne direkte kontakt med den einskilde rektor for ytterlegare informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Skape inkluderande læringsmiljø
- Implementera fagfornying som bidreg til elevens læring og utvikling
- Utvikla den digitale kompetansen til elevane og arbeidsplassen
- Sikra tidleg innsats for å fanga opp utanforskap og mangel på meistring
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning, ref opplæringslov
- Fordjuping i norsk, matematikk eller engelsk er ønskjeleg
- Spesialpedagogikk med hovudvekt på psykososiale vanskar kan bli prioritert
- Gyldig potitiattest må leggast fram
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Du er fagleg engasjert
- Du har evne til sjølvstendig arbeid, samt samarbeid med kollega
- Du har gode føresetnader for og ønskje om å arbeida som kontaktlærar
- Du har god evne til relasjonsbygging og klasseleiing
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Ronny Valdersnes, Rektor Vikse skule, 53748370Camilla Tverfjell, Rektor Auklandshamn skule, 53 74 83 60
Lene Lier, Rektor Sveio skule, 53 74 83 00
Arve Myklebust, Rektor Valestrand oppvekstsenter, 53 74 83 80
Bjørn Tore Enerstvedt, Rektor Førde skule, 53 74 83 30
Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommuneReferansenr.:4474039392
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2022