Spesialkonsulent Journalsystem
Org. nr: 987601787 Stillingsident: 4100805669 Presentasjon av stillingen:
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.
Seksjon Journalsystem i avdeling Tenesteutvikling har i dag 28 medarbeidarar. Denne seksjonen forvaltar fleire store og kritiske regionale journalløysingar i Helse Vest. Vi skal no styrke seksjonen med 2 nye årsverk innan forvaltinga av DIPS og innbyggjartenestene vi tilbyr gjennom helsenorge.no, Kjernejournal, mm.
Du må kunne tileigne deg kunnskap om kliniske arbeidsprosessar, kjerneverksemd i sjukehus og kunne sette deg inn i tekniske løysingar og problemstillingar. Erfaring innan systemforvalting og test tel positivt.
Den rette kandidaten må trivast å arbeide med både saksbehandling og tekniske oppgåver.
Arbeidsstad: Bergen, Haugesund, Førde eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving i systemløysingane, bidra i problemløysingsteam og vere pådrivar til forbetring og vidareutvikling av system og arbeidsprosessar
- Koordinering mot brukarmiljøa og internt i Helse Vest IKT
- Testkoordinering/testing
- Prosjektdeltaking
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT/Helseinformatikk
- Erfaring med forvalting av system og elles god systemforståing
- Kjennskap til journaldokumentasjon (gjerne DIPS) og helsesektoren tel positivt
- God teknisk kompetanse, erfaring og forståelse er en stor fordel
- Interesse innen fagområdet test
Utdanningsretning
- IKT-fag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet
- Gode samarbeidsarbeids- og kommunikasjonsevner
- Trives med koordinering, saksbehandling og dokumentering
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Medverke til å forme IKT¿løysingar for eit helsevesen i framtida
- Delta på spennande oppgåver innan lokale og regionale prosjekt
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Løn etter avtale
- Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Frode Nilsen, Seksjonsleiar, (+47) 92 26 53 56
Arbeidsstad
5052
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenummer:4100805669
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 08.07.2019
Om bedriften
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag drygt 560 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.