Faste stillingar som sjukepleiar - Felles utlysing for Somatiske avdelingar
Stillingsannonsen er inaktiv.Haukeland universitetssjukehus
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4400559446 Presentasjon av stillingen:
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar med erfaring som kan jobbe ved somatiske avdelingar Haukeland universitetssjukehus har om lag 13.200 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. I 2019 hadde vi om lag 945.000 pasientmøter. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil leggje til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Vi har ledige stillingar ved desse einingane:
- Voss sjukehus, Akuttmottak/Legevakt søkjer sjukepleiar
- Ortopedisk klinikk, Skadepoliklinikken søkjer sjukepleiar
- Kirurgisk avdeling, post 2 søkjer sjukepleiarar
- Kvinneklinikken søkjer sjukepleiarar
- Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering/ AFMR Post 2 søkjer sjukepleiarar
- Avdeling Hovud-Hals og Auge søkjer sjukepleiarar
- Kirurgisk avdeling, mottak/dagenhet
- Bemanningsenteret søkjer sjukepleiarar
Oppgje i søknad kva stilling(ar) du søkjer.
Oppstart i stillingane vil vere etter avtale med den einskilde eininga. Her kan du lese meir om dei ulike avdelingane
Arbeidsoppgåver
Voss sjukehus Akuttmottak/ Legevakt har ledig 80 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga inneber arbeid ved akuttmottak, legevaktsentral, legevakt og akuttpoliklinikk på Voss sjukehus. I hjarte av vestlandet, med alt det gode og utfordrande det har å by på.
Voss sjukehus har eit ansvar som lokalsjukehus for Voss, Vaksdal, Kvam, Granvin, Ulvik og Eidfjord, og har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde og gynekologi. Sjukehuset er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Elin Seim, tlf nr: 99204005
Skadepoliklinikkens såravdeling har ledig ei 100 % fast stilling frå 2. august 2021. Vi søkjer etter deg som kan trivast i ein travel arbeidsdag i førstelina, med behandling av nye sårskader og små kirurgiske inngrep.
Skadepoliklinikken høyrer til Ortopedisk klinikk, og held til i Bergen helsehus saman med Allmennlegevakta i Bergen kommune. Opningstida vår er frå kl 08.30 til 22.30. Vi har årsplan og arbeid pt. 2 delt turnus og kvar 3.helg.
Vi ivaretek pasientar som treng akutt helsehjelp ved skadar som brot, kutt, sår og brannskadar, samt kontroll av desse skadane. Skadepoliklinikken har tilsette med høg kompetanse som arbeidar tverrfagleg i eit godt og aktivt arbeidsmiljø. Målet er å levere kvalitet i tenesta med pasienten i sentrum. Vi samarbeidar med utdannings- og forskingssinstitusjonar, rettleiar studentar og har fleire pågåande forskingsprosjekt.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Linda Eikefet Revheim, tlf nr: 55568704 / 53032751
Kirurgisk avdeling, post 2 har ledig tre 100 % faste stillingar med oppstart i august/oktober
Kirurgen post 2 er ei avdeling i kirurgisk klinikk på Haukeland. Vi er den største sengeposten av 5 postar i klinikken og vi dekkjer 2 ulike fagfelt, urologi og endokrinkirurgi. Vi er ein herlig gjeng på 60 stk som jobbar her. Houvudgruppa av pasienter hos oss er kreftpasienter. Her er det høg turnover på pasientane gjennom vekene, då vi har både stor og mindre kirurgi, ein viktig del av jobben er derfor også samarbeid med kommunen. Hos oss skal pasientane vere trygge og tilsette trivast på jobb, derfor er fagleg fokus og eit godt arbeidsmiljø viktig.
Kontaktperson : Avdelingssjukepleiar Hanne Merethe Landro, tlf nr: 55970061
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kvinneklinikken søkjer 5 sjukepleiarar i 100 % fast stilling til Fødeavdelinga. Fødeavdelinga er delt inn i 3 kombinerte føde-barselseksjonar, Føde A\ Føde A barsel, Føde B og Føde-C Storken. Sjukepleiarane sine oppgåver blir i hovudsak sjukepleie og omsorg for barselkvinner og nyfødte i samarbeid med jordmor og barnepleiar\helsefagarbeidar. Kontaktperson: Avdelingsjordmor Kristin Aase Boge, tlf nr: 55974346 /92050471
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering / AFMR Post 2 har ledig 100 % fast stilling i kombinasjon med Bemanningsenteret (75/25). AFMR er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås. Avdelinga har to sengepostar og tilbyr spesialisert tverrfagleg rehabilitering til menneske som har vore utsett for alvorleg sjukdom eller skade. Pasientane vert overført tidleg, som ein del av akuttforløpet. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide både med komplekse medisinske problemstillingar og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og vi arbeidar tett med andre faggrupper. Samhandling mellom pasient, pårørande og det tverrfaglege teamet er viktig for oss og ein føresetnad for ein vellukka rehabiliteringsprosess. Sengepostane har regionalt ansvar for tidleg rehabilitering etter traumatisk hjerneskade og er tildelt nasjonal behandlingstjeneste for tidleg brannskaderehabilitering. Arbeid pt kvar 3. helg.
Kontaktperson: Anja Margrethe Jordal, Tlf. 90217424.
Avdeling Hovud-Hals og Auge har ledig 3 100% faste stillingar. Avdelinga er ei kirurgisk og medisinsk avdeling med 27-30 sengeplassar, og har 3 fagområde: Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Avdelinga har også regionalt behandlingsansvar for pasientar med kreft i hovud-hals. Pasientane blir innlagde for kirurgisk behandling og strålebehandling. Vi er ein spennande og brei sjukepleiefagleg post og vi har hovudansvaret for Tracheostomipasientar i føretaket.
Kontaktperson: Kjersti Kleppestø Walde, Tlf. 55973817.
KIrurgisk avdeling, mottak /dageining har ledig 100 % fast stilling for engasjert sjukepleiar. Erfaring frå kirurgisk avdeling er ønskja
Er du ein effektiv og nøyaktig sjukepleiar med interesse for god pasientbehandling og logistikk? Da kan dette være ein aktuell jobb for deg. Kirurgisk mottak tar årleg i mot ca. 4 000 pasientar som gjennomgår preoperative førebuingar. Pasientane tilhøyrer for tida fagområda gastrokirurgi, urologi, bryst/endokrinkirurgi, plastikkirurgi og karkirurgi. Det preoperative arbeidet består av å informere om førebuingar til operasjon, samt forlaup etter kirurgi. Sjukepleiaren følgjer pasienten den preoperative dagen og koordinerar andre avtalar pasienten har med turnuslege, blodprøvar, samtale med kirurg, anestesilege og evt. andre undersøkjingar.
Vi har òg ei dageining kor pasientar i behandling får utført ulike dagbehandlingar. Her har vi mellom anna pasientar som får skifta pyelostomikateter og tatt ulike biopsiar.
I denne stillinga vil også kartlegging av pasientar i forbindelse med eit forskingsprosjekt kalt ELDSOCA, inngå som ein del av arbeidsoppgåvene.
Vi kan tilby ei variert og lærerik stilling. Oppstart i stillinga frå august/september 2021
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Nina Martine Andresen, tlf. nr: 55970017
Bemanningssenteret Vi treng medarbeidarar som er tilpassingsdyktige, og som finn seg til rette i ulike miljø. Du har gode samarbeidsevner, og veit at lagarbeid er avgjerande for eit godt resultat for pasienten .Du har evne til å arbeide sjølvstendig.
Kontaktperson: Anniken Knag Haukeland, Tlf. 91576157 og Karina Vorland Løvstad, Tlf. 92463092.
Felles for stillingane:
Arbeidsoppgåver
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring som sjukepleiar/vernepleiar
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du liker å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har organisasjonsforståing og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfoldserklæring
F øretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Britt Velsvik, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, 55976902
Mari Pedersen, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, 93878352
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 91576157
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4400559446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.06.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Haukeland universitetssjukehus
Adresse
Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 20. juni 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4400559446_Haukeland universitetssjukehus_webcruiter
Stillingsnummer: 1925e64b-9fd1-49fc-a566-51f99b787842