Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk - st. nr. 4/2019
Jobbnorge ID: 164749
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), Institutt for pedagogikk, er det ledig 2 faste stillingar og inntil 4 mellombelse stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk. Dei faste stillingane er ledige frå 1.8.2019 og dei mellombelse stillingane er ledige i perioden 1.8.2019 til 31.7.2020.
Kvalifikasjonar
For tilsetting som høgskulelektor må søkjaren minst ha mastergrad/hovudfag i pedagogikk, spesialpedagogikk, eller tilsvarande. For tilsetting som førsteamanuensis må søkjaren ha doktorgrad i pedagogikk eller spesialpedagogikk, eller ha tilsvarande relevant kompetanse. For søkjar utan formell kompetanse som høgskulelektor, kan det vere høve for mellombels tilsetjing som høgskulelærar og tilrettelagt kvalifiseringsløp.
Søkjarar bør også dokumentere relevant kompetanse i og erfaring frå forsking, undervising og formidling. Kunnskap om og erfaring frå praksisfeltet vert vektlagt. Institutt for pedagogikk legg vekt på profesjonsaspektet ved pedagogikkfaget. Det er ønskjeleg med brei kompetanse innan fagfeltet. Personlege eigenskapar og evne til å formidle pedagogikkfaget vil også bli tillagt vekt. Den som vert tilsett må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, eller må forplikte seg til å oppfylle dette kravet innan to år etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar som samarbeidsevne, evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, god munnleg og skriftleg formidlingsevne og at ein er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil bli vektlagde.
Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Søkjaren må kunne bruke digitale verkty i undervisning og til gjennomføring av eksamen.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 565 500 - 713 400/høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 - 619 300.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir tre referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- inntil 10 vitskapelege arbeid som søkjar vil ha vurdert inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og eventuell doktorgradsavhandling
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Søknadsfrist: 28. februar 2019
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte dekan Arne Myklebust, tlf. 70 07 50 95 / 951 66 367, e-post: arne.myklebust@hivolda.no eller instituttleiar Silje Ims Lied, tlf. 70 07 52 94/ 468 04 958, e-post: imssi@hivolda.no.
Om instituttet
Institutt for pedagogikk tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10, praktisk-pedagogisk utdanning heiltid og deltid, rettleiarutdanning og mastergradstudium i undervisning og læring. Mastergradstudiet i undervisning og læring har tre spesialiseringar: matematikk, norsk og spesialpedagogikk. Institutt for pedagogikk har hovudansvar for den sistnemnde. Spesialiseringa i spesialpedagogikk er innretta mot arbeid både i barnehage og skule. Instituttet ønskjer søkjarar som kan undervise innanfor eit eller fleire av desse utdanningsområda. Vi ønskjer også at den som vert tilsett skal kunne bidra i porteføljen av etter- og vidareutdanningstilbod.
Instituttet er involvert i fleire forskingsprosjekt. Det er eit mål at alle dei tilsette skal vere del av ei forskingsgruppe og delta aktivt i forskings- og utviklingsarbeid.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.