Seksjonsleiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Avd. for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4407690598 Presentasjon av stillingen:
Ønsker du en spennande leiarjobb?
Då har vi ledig stilling som seksjonsleiar til deg!
Vi søkjer etter ein engasjert, positiv og dyktig leiar til fast stilling som seksjonsleiar for Seksjon for korttids døgn TSB i Ålesund.
Seksjon for korttids døgn er ein av fem seksjonar i Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Klinikk for psykisk og helse og rus. TSB har eit omfattande tilbod i Helse Møre og Romsdal frå det akutte til langtidsdøgn og vidare oppfølging til personar med avhengigheit både innanfor rus og spel og til pårørande. Avdelinga har tilbod til pasientar i Kristiansund, Molde og Ålesund og det er eit godt samarbeid mellom seksjonsleiarane på tvers i avdelinga. Seksjonsleiar er administrativt og fagleg underlagt avdelingssjef, og inngår i avdelinga si leiargruppe.
Vi ønskjer deg som vil vere med å vidareutvikle rusfaget i Helse Møre og Romsdal, og som kan sette verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientar og pårørande.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til din søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef.
- Ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldende lover/føreskrifter, interne retningsliner og innenfor økonomiske rammer
- Personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og sikre bemanning og drift etter gjevne ramme
- Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
- Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat
- Fagansvar og fokus på fagutvikling
- Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Ønskjeleg med leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
- God system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift
- Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
- Du har evne og vilje til å utarbeide mål og motivere sine tilsette
- Du oppnår resultat, evaluerer og korrigerer
- Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne
- Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
-
Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
-
Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
-
Deltaking i avdelinga si leiargruppe
-
Triveleg arbeidsmiljø
-
Fagdagar, internundervisning og rettleiing
-
Sterkt tverrfagleg samarbeid
-
Ein inkluderande arbeidsplass
-
Løn etter gjeldande overeinskomstar
-
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kari Marie Remø Nesseth, Avdelingssjef, 98 47 22 88, Kari.Marie.Remo.Nesseth@helse-mr.no
Arbeidsstad
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4407690598
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.07.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Avd. for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. juli 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4407690598_Avd. for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Helse Møre og Romsdal HF_webcruiter
Stillingsnummer: 190d85c5-634e-438d-8175-4853477f5bbe