Seksjonsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4192913980 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med postar i Molde og Ålesund.
Vi søkjer etter seksjonsleiar til døgnseksjonen vår.
Døgnseksjonen er samansett av av ein akutt sengepost i Ålesund og ei lita familie-eining i Molde.
Leiaren vil ha hovedarbeidsstad på akutt sengepost i Ålesund, og vere stadleg leiar på sengeposten.
Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelpstilbodet innan psykisk helsevern for barn og unge i heile fylket. Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære opphald.
Vi fokuserar sterkt på eit tettare samarbeid mellom akuttposten og poliklinikkane i avdelinga gjennom utviding av det ambulant-akutte tilbodet ved poliklinikkane.
På akuttposten arbeider det for tida 2 overlegar, 1 psykolog og 1 LIS, saman med ei høgt kvalifisert gruppe av miljøterapeutar.
På familieposten, som ligg på Knausensenteret i Molde, er der innlegging av ca 22 familiar pr år til eit tre veker langt planlagt opphald. I familieposten arbeider det eit team av 5 erfarne familieterapeutar, 1 førskulelærar, 1 LIS, 1 overlege og 1psykolog. Familieposten får tilvisningar frå dei fire poliklinikkane og arbeider tett saman med disse.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar vil ha ansvar for den faglege utviklinga av heile seksjonen, samt budsjett- og personalansvar
- Organisasjons- og kompetanseutvikling på døgnseksjonen vil stå i fokus i åra framover.
- Ivaretaking av ei høgkompetent tverrfagleg personalgruppe og utvikling av interne samarbeidsmodellar
Kvalifikasjonar
Vi ønsker ein søkjar som:
- har gode evner til samarbeid og dialog, og som er motivert til å arbeide med fagutvikling
- er godt forankra i fagfeltet og som har minst 3-årig relevant høgskuleutdanning.
- gjerne har leiarfaring og/eller leiar-utdanning
- arbeidserfaring frå spesialisthelsetjenesta
Personlege eigenskapar
- Ha god evne til samarbeid. Både internt og med samarbeidspartnarar i kommunene
- Vere engasjert og ha visjonar om å oppnå eit endå bedre pasienttilbod
- Vere ein motivator i personalgruppa
- Vere uredd og ha stå-på-vilje
Vi tilbyr:
- Friheit under ansvar
- Spennande utviklingsoppgåver i eit høgt prioritert og tverrfagleg fagmiljø
- Stort fokus på eit helheitleg og best mogeleg pasienttilbod
- Gode og moderne arbeidslokale
- Representasjon i avdelinga si svært engasjerte leiargruppe
- Gode og ordna arbeids- og tilsettingsvilkår
Kontaktinformasjon
Manuela Strauss, Seksjonsleiar, 70167200
Arbeidsstad
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4192913980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal