Barne- og ungdomsarbeidar Stokkalandsmarka barnehage
Frå 15.8.2019 er det ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Stokkalandsmarka barnehage.
Stokkalandsmarka barnehage er ein 7 avdelings barnehage som ligg i Stokkalandsmarka på Vigrestad. Barnehagen ligg i gangavstand til Haugstadskogen, eir område vi brukar mykje. Neste år skal vi ha fokus på leik og språk.
Vi søker
- Utdanna barne- og ungdomsarbeidar
- Har erfaring frå barnehage
- Ser det enkelte barn
- Likar å leika
- Er god til å samarbeida
- Er roleg og omsorgsfull
Menn vert oppfordra til å søkja. Attestar og vitnemål tas med til intervju.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Vi tilbyr
- Engasjerte medarbeidarar
- Fagleg miljø som støttar og utfordrar
- Ein barnehage som ligg i nærleiken av eit flott naturområde
Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.
Om bedriften
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!