Lærar i grunnskulen
Org. nr: - Stillingsident: 4190431681 Presentasjon av stillingen:
Herøy kommune har desse skulane: Barneskulane Nerlandsøy, Moltu, Einedalen, Bergsøy, og Leikanger. Ytre Herøy ungdomsskule og Stokksund skule 1.-10.trinn.
Skulane treng lærarar til ledige undervisningsstillingar frå august 2020. Eit uspesifisert tal stillingar vert ledige, både faste, vikariat, heil- og deltid. Tilsetjingar vil bli gjort framover våren, heilt fram til skulestart i august 2020, avhengig av skulane sine behov.
Arbeidsoppgåver
Vi har behov for lærarar som:
-
er fagleg dyktige
-
er sterke på klasseleiing og relasjonar
-
kan bruke digitale verktøy i undervisninga
-
er gode på samarbeid og samhandling
-
er opptekne av å skape trivsel på arbeidsplassen
Herøyskulen arbeider etter følgjande kvalitetsmål:
- Alle elevar skal oppleve meistring på sitt nivå, innanfor dei grunnleggande dugleikane.
- Alle elevar skal inkluderast i elev- og læringsmiljøet, bli sett og verdsett
- Opplæringa skal bidra til at fleire elevar greier å fullføre vidaregåande skule
Av grunnleggande dugleikar, vil ein framover særleg fokusere på lesing, og der alle lærarar er leselærarar. Det vert lagt vekt på heilskap og samhandling mellom barnehage og grunnskule, jfr språkutvikling.
Gode og trygge læringsmiljø for alle er også ein grunnpilar i arbeidet vårt, og den som vert tilsett, må vere ein autoritativ vaksen og bidra aktivt i miljøarbeidet.
Herøyskulen brukar digitale verktøy i opplæringa, med stor bruk av digitale læremiddel. Ein nyttar i'Pad på 1.-4.trinn og Chromebook på 5.-10.trinn.
Skuleåret 2020/21 skal ein ta i bruk den nasjonale Fagfornyinga med det nye læreplanverket, og dette vil i stor grad prege arbeidet i skulen.
Arbeidsoppgåvene meir konkret:
Førebu, gjennomføre og etterarbeide undervisninga. Anna tid med elevane, som til dømes elevsamtalar og tilsyn i friminutta. Legge til rette for eit godt og trygt læringsmiljø, i nært samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Samhandling med naturlege faginstansar som PPT, helsesjukepleiar, og barnevern. Deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning, ved høgskule eller universitet, der ein har oppnådd minimum 60 stp pedagogikk og 180 stp i relevante undervisningsfag. Herøy kommune etterspør særleg lærarar som oppfyller kompetansekrava om 60 stp/30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk (høvesvis ungdomstrinn/barnetrinn). Vi ser det som ein fordel at søkjarar har breiast muleg fagkompetanse, då kompetansekrava for lærarar på ungdomstrinnet er at ein også har 30 stp i dei andre faga ein skal undervise i.
CV må fyllast ut i søknaden. Søkjarane må i søknaden spesifisere dei faga/studiepoenga dei har, samt kva skuleslag/årstrinn som er aktuelle.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Personlege eigenskapar
Vi forventar at den som vert tilsett, har god evne til å bygge relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Vidare forventar vi at ein syner god evne til samarbeid og sjølvstende i arbeidet, samt at ein er aktiv og syner initiativ i skulen sitt utviklingsarbeid. Godt og stabilt humør, arbeidsglede og positive bidrag til eit triveleg arbeidsmiljø er andre faktorar vi set pris på.
Vi tilbyr
-
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
-
Fagleg utvikling i profesjonsfellesskapet
-
God oppfølging av nytilsette
-
Ein arbeidsgivar som er IA-bedrift med fokus på kvalitet og trivsel
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Tilsetting er på dei vilkår som kjem av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sølvi Lillebø Remøy, Kommunalsjef oppvekst, 95764125
Arbeidsstad
Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4190431681
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2020
Søknadsfrist: 06.03.2020
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!