Sykkylven vgs - stillingar
Sykkylven vgs søker lærarar og assistent
Vi styrkar laget og har fleire ledige stillingar:
- Assistent - 70% stilling, mellombels i tre år
- Lærar innan elektro og datateknologi – 80% stilling, mellombels med høve til forlenging
- Lærar innan automasjon – 100% fast stilling
- Lærar innan helsearbeidarfag – 35% fast stilling
Søknadsfrist 30. april.
Om skulen:
Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med om lag 250 elevar, med utdanningsprogramma studiespesialisering, elektro og datateknologi, helse og oppvekstfag, teknologi og industrifag samt datateknologi med automatisering (robotikk).
For meir informasjon om skulen og utdanningstilboda, sjå sykkylven.vgs.no
Om bedriften
Fylkeskommunen har eit viktig samfunnsoppdrag som leverandør av velferdstenester og med eit særskilt ansvar for regional utvikling.